Viser innlegg med etiketten Travels. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Travels. Vis alle innlegg

mandag 9. juli 2018

The Japanese Lover...

This is a long blog post about a great novel, some sewing, some excursion in our area, and some flowers. I've heard the expression "staycation", which I think is how I spend part of the summer vacation. My vacation lasts for the whole summer, while my husband's doesn't start until last week of July. There are so many things to do during staycation, i.e. explore new places in the surroundings, make some "Marie Kondo-clean-up", gardening, sewing, workouts, hiking, watching good series on Netflix (Foyle is my favourite at the moment), looking after  daughter's dog, you name it...all this without panicing that everbody else go abroad for at least one or two weeks..you know..

Link til Bambisyr, visa och beretta og Love, laugh Quilt, Monday making.



Isabel Allende si bok Den japanske elskeren er ei bok eg varmt kan anbefale. På ein måte er det ei feelgood-bok, ein sjanger eg ikkje er spesielt begeistra for. Likevel er dette av eit anna kaliber enn den vanlege kiosklitteraturen. Allende er berre heilt fantastisk i sin forteljemåte! Gå gjerne inn på lenka og les omtala.

Eg abonnerer på Storytel i sommar, og i påvente av at bok nr. 6 i Jan Guillot-serien skal kome der, kom eg tilfeldigvis over denne perla. Ho blir lesen på engelsk, noko som i seg sjølv gir ein ekstra dimensjon til opplevinga. Eg ser forøvrig at Fabel, ein annan  lydbokapp (gratis i 1 md), har boka innlesen på norsk.

Storytel er veldig brukarvennleg, og for folk som høyrer lydbok i senga, er der innstilling for kor lenge ein vil at lesinga skal gå før den stoppar....Bøkene kan høyrast om dei er nedlasta eller ikkje.

Frå syrommet

Eg høyrer mest bok på syrommet. Her viser eg nokre fleire løparar/brikker eg har laga.No har eg brukt opp alle Tilda-bitane, og ein god del av Camille Roskelley-bitane. Desse går altså ut av "sortementet" mitt.
Det er eigentleg litt rart at av alle mønster, blad og bøker eg har, så likar eg best å improvisere, la det bli til undervegs, slik som her. Her har eg brukt twisterlinjalen, ein av dei få linjalane eg faktisk bruker ein del (ut av haugen eg har i skuffa).
Det er altså stort forbetringspotensiale på mange frontar her!
Kathrine freista med low volume-stoffpakke og artig putemønster. Skal tru om mønsteret vert brukt?



Tur i Eid kommune med utsikt til Gloppen kommune!

Her om dagen var ei god veninne og eg på kombinert hyttetur og utflukt. Vi køyrde over Hundvik-fjellet og heilt ned til fjorden på andre sida, Hundvika. På bilete nr. 1 ser vi inn til Hestenesøyra. Nr. 2 viser Skeistranda, ei veglaus grend der det framleis bur eit par menneske, der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Over denne grenda er Skjæringane, fjellrekkja aust for Gjegnen som vi ser så godt frå hytta i Remmedalen. Vilt og vakkert, ja. Gjegnen ser vi ikkje frå Hundvika, men til gjengjeld Bukkenibba. I Hundvika bur ein del menneske, og det er berre utruleg med den vegen på vinterstid!




Litt blomar frå platten heime. 
Rosa i midten er den einaste vi har, bortsett frå Rosa Rugosa. Her er ikkje eigna til roser. Men denne har no overvintra i 2 år i same kassa på platten. 





søndag 14. mai 2017

Norway mini quilt, Madrid and more!


Link to Kathy's Quilt.
A blog about Madrid vacation, my latest sewing. Please turn on the google translation!

Norway heiter denne blokka, den har ein skjønnhetsfeil som skal rettast opp. Det er veldig lurt å ta bilete før ein begynner med kviltinga, då ser ein lettare om det er feil. 
(Eg har ein flott veggkvilt som eg brått ein dag såg ein feil på, og no ser eg berre den feilen...)
Her er altså åttebladsrose i lappeteknikk. Då Camille Roskelley var i Noreg på den store festivalen på Gardermoen for nokre år sidan, blei ho inspirert til å designe denne blokka. Dette er ei modifisert utgåve av "minien" hennar, eg auka opp frå 1 1/4" til 1 1/2" remser.
Eigentleg hadde eg tenkt å ta med denne til Spania, men den blei ikkje ferdig i tide.


MADRID

Eg jobbar med eit større innlegg om turen min til Madrid, det kjem etter kvart på den andre bloggen min.
Her er Friendshipstar-kvilten (av same designar) på plass i leiligheta til veninna mi i Madrid.


Eg var på fleire museum. Her er Kjole/drakt-museet i utkanten av Madrid. Interessant! 


Liberty-stoff.


Spania har ikkje same tradisjon for lappeteknikk som vi, det viser godt att i butikkane! Her frå den butikken vi fann som hadde mest stoff, men som ikkje hadde evna å stille dei ut på ein god måte. 
Til slutt valde eg ut dei 4 Liberty-bitane.



SYHELG I KLUBBEN!

Meir om dette kan du lese HER.


Ein løpar blei til denne helga.


Ei blokk har det blitt....





fredag 19. august 2016

Blocks and wild animals!

Checker blocks!

Då har eg starta opp symaskina etter sommaren. Desse blokkene skal sendast til augustdronninga i ScandibeeHive2. Eg blei veldig begeistra for denne blokka. Ho heiter Checker, er enkel å sy, og kan blokkene kan setjast saman på mange måtar med totalt forskjellig uttrykk.





ZOOLOGISK HAGE I KØBENHAVN

On our visit to Kopenhagen we went to the Zoo. Some amazing views, and some sad ones. I have chosen some nice views.

Eg blei positivt overraska i dyreparken i København. Størst inntrykk trur eg leoparden gjorde. Fantastiske lydar!  (Men isbjørnen var trist å sjå på, stereotypi og isopor/is....)









torsdag 11. august 2016

Rundetårn og to museum i København

(her er link i overskrifta)

og Trinitatis kirke. Her er det fint utsyn over byen.

Eg fann og stor glede i utstillinga i ei av etasjane i kyrkja, der det var vist fram bilete og tekst frå misjonsarbeidet si historie....




















Designermuseet


 Her er berre eit lite utval av alle bileta eg knipsa der!














Statens museum for kunst

Her var det utruleg mykje å sjå av både nytt og gammalt. 
Vel verd å besøke! Trendy og miljøbevisst etestad er der og!

Sypigen 1880 Christian Krohg




  1. 1829 - J. C. Dahl: Vinterlandskab ved Vordingburg