Viser innlegg med etiketten Civil war fabric. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Civil war fabric. Vis alle innlegg

søndag 5. januar 2020

Januar 2020

Godt nytt år!

Det siste året hadde fleire høgdepunkt kva vedkjem hobbyen min. Det var 2 kurs med Mali Storli Engedal i moderne teknikkar, kurs med Anna Maria Horner på Quiltcamp på Gardermoen, og det var kurs med Jo Avery i Århus, Danmark. Desse to sistnemnde arrangementa var fantastiske, men turen til Helene Juul i Danmark tok kaka. Eg hadde store mageproblem pga ecoli i drikkevatnet  på den tida, men trassa plagene og drog over saman med Mali. Det var risikosport, men var verd det....

Så hadde eg ein fantastisk tur til Kreta saman med yngstedottera. Eg kan nesten ikkje vente med å bestille ny tur...
Saman med gode husband var eg på fin ferie til Sørlandet, der fekk vi omsider besøkt eldstedottera til bror min og hennar familie i Lyngdal! Dette var dei dagane i sommar då veret var kaldt, vindfullt og vått, men vi fekk likevel nokre gode dagar.


Nye blokker sydde på papir.


Eg startar sy-året med ein gammal travar! Har henta fram Dear Jane, som blei påbegynt for altfor lenge sidan! Det var godaste Hanne Schneider som inspirerte meg til å starte på dette prosjektet. Eg er henne stor takk skuldig for alt ho har stått for og vore til inspirasjon. Det står att ca. 35 blokker, og nesten alle trekantblokkene rundt kanten. Takka vere at eg hadde vore nøye med å dokumentere og merke undervegs, var det ikkje så altfor vanskeleg å finne att tråden... Men no veit eg at dersom eg skal få fullført, må eg gå systematisk til verks, og ha fokus! Ein del av blokkene her tek mange timar å lage, dei har mange smådelar. Men samtidig gjer dei meg glad, for eg føler eg kjem tilbake til starten på eit vis. Så veldig mykje har skjedd dei siste 10 åra, på alle felt. No er det ei overflod av inspirasjon, overflod av mønster og overflod av stoff, og det er ikkje berre positivt. Eg prøver å innsnevre og forenkle, få oversikt og betre fokus. Dette er eit ledd i denne strategien!

I 2019 laga eg svært mykje, i min målestokk, eg var med på 2 salsutstillingar, selde ein del, og har gitt vekk resten (bortimot). Det er stor glede i å gje vekk heimelaga ting når ein veit at mottakaren set pris på det. Det absolutt kjekkaste prosjektet i fjor var The Cow, eit stort veggbilete, sydd på papir. Det kunne eg faktisk godt tenke meg å lage fleire av. Teppet blei overteke av eine systera mi, og eg har stor glede i å skode det på veggen hennar når eg er på besøk der!

Blogginga går treigt, då eg ikkje har bildebehandlingsprogram lenger. Dette får eg gjere noko med når eg blir pensjonist. Kanskje løysinga blir å blogge frå mobilen, sjølv om det ikkje er like morosamt. Elles vil eg ikkje gape over for mykje, det er lett å ha gode intensjonar i starten av eit år, men eg veit av erfaring at det ikkje er like lett å fullføre. Hobbyen skal vere lystbetont, og då blir det litt etter innfallsmetoden. Men altså, Dear Jane skal få hovudfokus i månadene framover! Wish me luck!

På gamlebloggen ligg alle dei tidlegare  innlegga med Dear Jane, link under her.

Lappetausa1





søndag 6. mai 2018

More of the same, scraps, fabric, birds, kids

More scrap busting. I have a plan!

Eg er framleis i avskjær-modus, og lite anna blir sydd. Eg ønskjer meg verkeleg ein designvegg!

Denne veka har klubben vår hatt utstilling på Sandane senter, dette i høve 20årsjubileet. Vi har lotteri som skal avsluttast i august, der inntekta går til krisesenteret i Florø.



Denne maksiveska er mi, og grei til utstillingstepper mm.
Meir om utstillinga på bloggen til Gloppen Lappe- og Quilteklubb.


Eg har svært mykje civil war  reprostoff i skuffene mine. Dei er framleis kjære for meg, men eg ønskjer å selge unna. På facebookgruppa Quilteutstyr mm har eg lagt ut ting for sal. Kik gjerne om der er noko som kunne freiste. Der er m.a. 2 heile KITS, seier ikkje meir...


Litt nytt kjem inn. Eg kjøper mest lokalt sjølvsagt, men har god kontakt med Helene Juul i Danmark, som har mykje moderne stoff. Til høgre er nokre nye av Alison Glass (batikkar).
Det er i det heile svært begrensa kva eg kjøper av nye stoff no. Men det blir ein del vatt o.l.!


Konfirmasjon i Kjølsdalen i går, eg nøyer meg med dette biletet av to grandnieser, Anne og Sarah, som bur langt frå kvarandre, men som er bestevener!


Tenksom kar i vippestolen. 


 Litt meir frå fuglelivet utanfor kjøkenglaset. 
No er det høgsesong med fuglesong om kvelden, det er flottaste tida på året!




søndag 3. desember 2017

Advent 2017

In this blog post I promote three interesting designers. Check the links and use the translator for my blog post.
I link to Kathy's Quilt on Slow Sunday Stitches. My slow stitches this Sunday are bindings on some Christmas projects.

Første søndag i advent allereie. Vi har hatt nokre flotte vinterveker med kulde. Denne helga er det mildver igjen. Mørketid er det uansett.

Eg har mange ting på gang på syrommet, og her er nokre ting som faktisk er ferdige. Eplegryteklutar etter Rannveig frå  Timotei sitt mønster. Ho er veldig flink til å lage enkle og lettfattlege og skikkelege mønster! I tillegg er dei ikkje dyre. I mylderet av designerar er ho av desse årsakene blant dei beste etter mitt syn. Skulle ønske ho kunne kome med fleire mønster oftare!


Ein annan designar, amerikansk, er Sara frå Sew Sweetness. Ho har eit sett med mønster på pungar/vesker som ho kallar Minikins. Her er ein av pungane eg har laga, I spy pouch. 
Desse skal eg sy fleire av før jul, har eg tenkt...


Eg fekk augene opp for Sara heilt tilfeldig på Facebook. Der har ho ein video av denne veska laga av lukkekantar. Eg brukte Civil War-lukkekantar som eg samla på for lenge sidan.
Du finn videoen på lenkja over.



Sandra frå Cherry Heart er ein engelsk designar som kanskje er mest kjend for hekling er den tredje designaren eg har jobba med denne førjulsvinteren. 
Dette teppet blei ferdig i går. Eg har slanka garnlageret mitt med 700 gram!

Dette var eit utruleg kjekt prosjekt. På facebookgruppa A Spicier Life Quilt Along finn ein bilete og mønster. Nokre har laga teppet i ein farge, og det er heller ikkje dumt. Då slepp ein all trådfestinga...
Teppet er ikkje spesielt stort, og nokre deltakarar på alongen har laga kvar mønsterrabatt lenger.






Det kom ei sending frå Island!

I fjor hadde vi besøk av nokre slektningar av Jostein, som vi aldri hadde helst på før. Sjølv om vi sleit litt med språket, var det eit utruleg kjekt bekjentskap. Stor var overraskinga då vi fekk ein diger pakke i posten, dette er berre eit utval av innhaldet. Jakker og genserar i Loopi, reknar eg med. Det er til å miste både mål og mæle av!


søndag 1. mai 2016

Victorian Sampler

 For Englishspeaking readers, please turn on the translator!


Victorian Sampler
ca. 150 x 185 cm
GRATIS BOM fra Helene Juul Design
i anledning af butikkens 10 års fødselsdag


Denne overskrifta er henta frå Helene Juul si heimeside. 
Helene har kanskje nordens største kompetanse på civil war-stoff, og eg vil anbefale å gå inn på heimesida hennar. Ho har også ein god del moderne stoff. Denne blandinga av tidstyper er også mi blanding! Ja takk, begge deler!

Kor tid blei eg merksam på denne dama? Jau, det var via Quiltemagasinet og eit "moderne" teppe som heitte noko liknande  FlyveferdigTeenager quilt. Eg prøvde å finne att dette på gamlebloggen, men måtte gje opp. Så kor tid var dette? Kanskje 10 år sidan. På den tida hadde eg ein flyveferdig tenåring, og sjølvsagt fekk ho med seg ein kvilt på ferda.... Eg har vore på og av reproabonnementet som ho har saman med Wenche, og eg har sydde fleire BOMar. 

Det eg ikkje har forstått meg heilt på, er kvifor reproteppa skal syast over papp på gamlemåten. Eg har aldri gjort det. Men i høve dette jubileet vil eg gje det ein fair sjanse. Det blir uansett ikkje mi greie.

Eg gir honnør til Helene, gratulerer med jubileet, og takk for at du har inspirert meg så mykje gjennom mange år!





Scandibeehive-blokker til Sverige. Desse Dresdenblokkene var lærerrike, og resultatet blir fint, synest eg.




fredag 8. april 2016

Jane Austen Medallion

One step further to top finish!

Då er medaljongen komt eitt steg vidare, no manglar nokre få rader. 
Nedtur her at pc ikkje fungerer, så denne gongen blir det kort innlegg frå ipad.


Link to Fabric Frenzy Friday.

torsdag 29. oktober 2015

Scrappy border!

Top defenitely finished. Now for basting and quilting. I decided on a scrappy blue/green border, and it was so much fun to make. I have only small pieces left from these fabrics now. They are mostly old repro fabrics which have been in my stash for years. They were also used in the comfort quilt for my brother, who died a couple of years ago. I thought a lot of him making this quilt. On Sunday I will light a candle for him!

Dette blir definitivt det siste bildet av dette prosjektet før det er heilt ferdig. No må eg finne eit høvande bakstykke, eller kanskje eg skal scrappe ihop eitkvart? Eg gleder meg til maskinkviltinga, trur det skal bli gøy. Eg lagde ein scrappy kant rundt det heile, mest i blått og litt grønt. Det er utruleg morosamt å "lage nytt" stoff... Det vil eg gjere meir av. No har eg berre småstykke att av dei blå reprostoffa.  


o 


søndag 30. august 2015

Samsy og Søstre for søstre


 Her er eit lite glimt frå Hilde sitt syrom. Her er veldig romsleg og luftig, og her er kjekt å vere!

Gloppen Lappe- og Quilteklubb skal bruke første haustmøtet på å sy toalettvesker til Desiree sin aksjon Søstre for søstre. Det er eit svært godt tiltak! Eg les på AnnaKa sitt mønster, som eg syr etter, at det årleg kjem 2000 kvinner til desse sentra. Det er mest ikkje til å tru!
Les meir om aksjonen her.

Eg har altså tjuvstarta, og er komt godt igong med mappa til onsdagsmøtet.



Max er ein utruleg flott hund. Han blei pappa veldig ung, men no er han slutta med slike sprell...



Eg måtte fotografere litt rundt i denne heimen og. Dette vesle teppet fekk Hilde med meg for mange år sidan. Reprostoff.


 Vinterhage er idyllisk!


Både Hilde og eg er litt hekta på muggar. Her er litt frå hennar samlling.


Denne skjenken er skikkeleg retro, og den stod heime hjå mine foreldre då dei budde på Smia. Eg er så glad for at nokon har vit til å setje pris på slike møblar med affeksjonsverdi!


Stemningsbilete frå elva. Testing av kamera. Auto...






søndag 26. april 2015

Ei vinterleg aprilhelg.

English at the bottom of the post. Linked up to Slow Sunday Stitches.

Denne helga har verkeleg vore sur og kjøleg! Det har regna, snøa, hagla og blese. Slikt ver innbyr til syromsaktivitetar. Eg har fått gjort ferdig 2 ufoar, og fått nesten ferdig Isak sitt krabbeteppe.
Først viser eg ein ufo som ikkje er meir enn eit par år eller så. For fleire år sidan var eg med på eit kurs med Hanne Schneider, der vi lærte å bruke jellyrolls på smarte måtar. Fleire laga teppet under, men ikkje eg. I ettertid fekk eg lyst å lage det likevel, og brukte av reprostoffa mine. Sidan dette er eit lite slumreteppe, har eg fleece på baksida. Eg hadde ikkje trudd at det var så fint å frihandskvilte på fleece, men det er jo glatt og lett å handtere. 




Det er ganske utruleg kor lenge ufoar kan bli liggande... Denne blomsterhagen var det ikkje mykje att på. Eg har handkvilta løparen med perle cotton. Biletet er teke på Nordfjordeid ved elvekanten hjå  Hilde laurdag for ei veke sidan.



Nokre av desse bileta har eg vist fram på Instagram. Her er ein liten løpar som er designa av AnnaKa, kalla Desembernatt, og så viser eg fram noko godteri frå Fantasi, den nye stoffbutikken vår på Sandane.


Eg abonnerer på dette bladet, det er veldig inspirerande!
Det høyrer med til historia at no har løparen skifta eigar. 


Denne veka har eg passa barnebarn i 3 dagar. Eg tok ut 2 seniordagar, og onsdag har eg vanlegvis fri. 
Eg føler meg priviligert som får høve til å ha såpass mykje med barnebarna å gjere!
Denne guten er ein skikkeleg kjekkas og sjarmør, med stort smil og skarp røyst!


Denne toppen har vore ferdig nokre månader. Denne helga har eg gjort den nesten ferdig. Eg har verkeleg boltra meg med improvisert frihandskvilting. Det er utruleg morosamt. Eg gidd ikkje lage prøveklutar, men får mykje trening på slike prosjekt. Det er ikkje perfekt, og ser skikkeleg heimelaga ut, men det er slik eg likar det.


Meir AnnaKa, her er ugleløparen eg har sydd. Det var øving på curves-linjalen, og stoffa er ikkje av ny dato. Fleire av dei er restar frå sengeteppet eg sydde til bryllaupet til eldstedottera.




I have made a dent in my ufos lately. Both the jelly quilt in repro fabric and the granny runner have now become finishes of 2015. And there are still a pile of ufos. One at a time....
The grey and black little table cloth is a pattern of AnnaKa, and so is the owl runner. AnnaKa is a very talented Norwegian designer. 
The colourful little quilt is for Isak to lay on. I have been practicing free motion quilting, which I enjoy very much. Not perfect at all, but so fun, and with a charming result. I hope to finish the binding next week. 
This weekend has been wet, cold, windy, and with snow on the fields. Perfect for sewing!

søndag 25. januar 2015

Civil War Quilts


Barbara Brackman skriv denne fantastiske bloggen, der ho fokuserer på stoff, blokker og kviltar frå borgarkrigstida i USA.
Dette året har ho ein kvilt-along der ein berre syr Sawtooth Star-blokker. Dette apellerer til meg, sy desse søte blokkene i storleik 6 1/2 inch, der eg bruker restar frå mi rikhaldige repro-samling.
Eg har sydd mange samplerar, dvs. kviltar med forkjellige blokker. Her blir det berre ei blokk, men ein stor variasjon av reprostoff. Denne blokka endrar veldig uttrykk alt etter kvar ein plasserer mørkt og lyst stoff, så her er det berre å leike seg.
Vil du vere med på denne reisa?



Swoon, megablokker på 24 inch, dette er nr. 8, så no har eg berre ei blokk att. Målet er som tidlegare anonnsert å sy saman to toppar i januar, nemleg Swoon og Aurifil BOM.


Aurifiltoppen blei ferdig i går. Liten tvil om at det løner seg å setje seg mål!


Some Sawtooth Star-blocks from Barbara Brackman's quilt along, which I started today. Only scraps here, what a joy!
Only one Swoon block left.
And yesterday, the Aurifil top was done. Fabric: Ruby, by Bonnie and Camille.