søndag 2. februar 2020

02.02.2020

Magisk dato!
02.02.2020 

Dear Jane-blokker sydde i januar.

onsdag 22. januar 2020

Dear Jane and Dear Mum❤



Eg har hatt fokus på Dear Jane etter nyttår, og har sydd 14 blokker, dermed har eg ca. 40 midtblokker att...
G6 er ei skikkeleg nøtt, men det gjekk bra trass i ein stjernespiss som kjem til å bli kutta ved samansying. Det får stå si prøve🤗.



22.01.1920 blei mor fødd. Eg har teke fram eit ungdomsbilete av henne, og tenkt ekstra mykje på henne i dag. Ho var eit eineståande menneske! Det mangla ikkje på utfordringar og hardt arbeid i livet hennar. Men ho var heldig som gifta seg med ungdomskjærasten og fekk eit langt liv i lag med han før han døydde i 2007. Dei fekk ein son og tre døtre, 11 barnebarn og mange oldebarn.  Mor gjekk bort i januar 2010, og slapp å oppleve at sonen døydde av kreft i 2012.


Det har vore ein tung, våt, mørk og vindfull januar så langt. I dag har det vore lyst og fint. Eg såg ljøskjen av sola i Langedalen, så no har vi fått henne att!


Fekk meg ein fin tur på Støylen i dag!


Dette er første gongen eg bloggar frå nettbrettet. Bileta er ikkje redigerte, men kjekt å sjå at det fungerer likevel.

tirsdag 21. januar 2020

Quilt along 2020





Nokon som følgjer meg på denne alongen i det nye året? 
Her har ein enkel kutteplan, og 10 forskjellige blokker kvar månad, dei same 10 gjennom heile året. Det ein forandrar på er farge og stoff.
Og JA, det er for restekassa!

Bileta er frå bloggen til Kari Vojtechovsky,  Quilts for the making, link over biletet.

søndag 5. januar 2020

Januar 2020

Godt nytt år!

Det siste året hadde fleire høgdepunkt kva vedkjem hobbyen min. Det var 2 kurs med Mali Storli Engedal i moderne teknikkar, kurs med Anna Maria Horner på Quiltcamp på Gardermoen, og det var kurs med Jo Avery i Århus, Danmark. Desse to sistnemnde arrangementa var fantastiske, men turen til Helene Juul i Danmark tok kaka. Eg hadde store mageproblem pga ecoli i drikkevatnet  på den tida, men trassa plagene og drog over saman med Mali. Det var risikosport, men var verd det....

Så hadde eg ein fantastisk tur til Kreta saman med yngstedottera. Eg kan nesten ikkje vente med å bestille ny tur...
Saman med gode husband var eg på fin ferie til Sørlandet, der fekk vi omsider besøkt eldstedottera til bror min og hennar familie i Lyngdal! Dette var dei dagane i sommar då veret var kaldt, vindfullt og vått, men vi fekk likevel nokre gode dagar.


Nye blokker sydde på papir.


Eg startar sy-året med ein gammal travar! Har henta fram Dear Jane, som blei påbegynt for altfor lenge sidan! Det var godaste Hanne Schneider som inspirerte meg til å starte på dette prosjektet. Eg er henne stor takk skuldig for alt ho har stått for og vore til inspirasjon. Det står att ca. 35 blokker, og nesten alle trekantblokkene rundt kanten. Takka vere at eg hadde vore nøye med å dokumentere og merke undervegs, var det ikkje så altfor vanskeleg å finne att tråden... Men no veit eg at dersom eg skal få fullført, må eg gå systematisk til verks, og ha fokus! Ein del av blokkene her tek mange timar å lage, dei har mange smådelar. Men samtidig gjer dei meg glad, for eg føler eg kjem tilbake til starten på eit vis. Så veldig mykje har skjedd dei siste 10 åra, på alle felt. No er det ei overflod av inspirasjon, overflod av mønster og overflod av stoff, og det er ikkje berre positivt. Eg prøver å innsnevre og forenkle, få oversikt og betre fokus. Dette er eit ledd i denne strategien!

I 2019 laga eg svært mykje, i min målestokk, eg var med på 2 salsutstillingar, selde ein del, og har gitt vekk resten (bortimot). Det er stor glede i å gje vekk heimelaga ting når ein veit at mottakaren set pris på det. Det absolutt kjekkaste prosjektet i fjor var The Cow, eit stort veggbilete, sydd på papir. Det kunne eg faktisk godt tenke meg å lage fleire av. Teppet blei overteke av eine systera mi, og eg har stor glede i å skode det på veggen hennar når eg er på besøk der!

Blogginga går treigt, då eg ikkje har bildebehandlingsprogram lenger. Dette får eg gjere noko med når eg blir pensjonist. Kanskje løysinga blir å blogge frå mobilen, sjølv om det ikkje er like morosamt. Elles vil eg ikkje gape over for mykje, det er lett å ha gode intensjonar i starten av eit år, men eg veit av erfaring at det ikkje er like lett å fullføre. Hobbyen skal vere lystbetont, og då blir det litt etter innfallsmetoden. Men altså, Dear Jane skal få hovudfokus i månadene framover! Wish me luck!

På gamlebloggen ligg alle dei tidlegare  innlegga med Dear Jane, link under her.

Lappetausa1





torsdag 5. desember 2019

Adventstid


Adventstida er over oss. Denne hausten har eg sydd ein god del for sal, og her er utstillinga frå Runnevang sist helg. Kanskje blir det ei messe på Stårheim og før jul.
Ønskjer alle ei fin adventstid!