Viser innlegg med etiketten Modern quilts. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Modern quilts. Vis alle innlegg

mandag 16. september 2019

Kurshelg!


September er over midtvegs allereie! Eg har svært mykje å blogge om frå fleire månader, men har problem med datamaskina heime. Skal sjå om eg kan få gjort noko via nettbrettet seinare.

Uansett, hauststormane er igong, og vi har arrangert det moderne kurset med Mali Storli Engedal. Det var veldig triveleg og kjekt på alle måtar. Synd at kursinteressa i klubben vår ikkje er så stor, men vi greidde no å gjennomføre denne gongen og. Nokre av dei som var påmelde måtte avlyse pga. sjukdom mm. Kjekt med deltakarar frå Volda/Ørsta som gjorde sitt til å inspirere, likeså jenta i 6. kl. som fekk vere med besta, og som no får merksemd worldwide via Mali sin instagramkonto...

Eg viser til Gloppetausene sin blogg, her, og til Facebook-sida,  her.

Elin Torvik Grov sitt bilete.

Biletet er teke av Mali.

tirsdag 21. mai 2019

Summer Sampler 2019


Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Eg måtte berre melde meg på sommarsampleren dette året og! Ein kan lese masse om dette m.a. HER.











Første blokka kom på mail i går, og namet på den er Spring Fever. Designaren heiter Lynn Carson Harris. Det er ei skikkeleg presisjonsblokk. Det kan vere nyttig å gå inn på bloggen hennar og leite opp "tutorials".  Ein får masse tips og støtte undervegs, og det er såleis veldig nyttig. Blokka mi er penare i fargane enn dette biletet gir inntrykk av.


Eg vel som vanleg å sy frå lageret. Her har eg mellom anna funne fram ein del Carolyn Friedlander-stoff, som høyrer til skattane mine.


Presisjon: Korleis sy såkalla "twirled seams" (tvinna saumar?) på små firarblokker. Dette er første gongen eg har forstått kva ein må gjere for å få det til i ei 16blokk.


Slik skal det vere. Ein må halde tunga beint i munnen. Må trene meir på dette.


 Presisjon betyr også at ein må vere nøyaktig når ein kuttar stoff, og at ein har ein scant (knapp) 1/4 inch saumrom.
Tips om korleis kontrollere saumrommet får ein også. Har ein mange små blokker i ei stor blokk, er det heilt avgjerande at saumrommet er rett.



Handsaumprosjekt på hytta i helga: The Lion av Violet Craft.   Ja, det stemmer, same designar som Cow Abstractions, berre at denne gongen er det EEP, handsaum over papp. Det er reine puslespelet.








17. mai 2019
var ein fantastisk flott dag. Vi feira i lag med våre næraste, og var med både på Rygg og Mardal, som i fjor. Ekstra kjekt med yngstejenta heime, det er er mange år sidan ho har vore med oss på nasjonaldagen.
Eg har hatt svigermor sin bunad i skåpa i mange år, men trudde aldri eg skulle kunne nytte den. No gjekk det! Men bunaden må fiksast litt på, då "livet" skal sitje høgare. Nokre stølar blei fjerna frå sølvbeltet, som eg i fjor ikkje kunne bruke. Gamlebunaden lånte eg bort til ei veninne i koret. Vi song i Gimmestad kyrkje.



lørdag 11. mai 2019

Cow Abstraction



Cow Abstraction frå designar Violet Craft er ferdig sydd. No manglar berre opphengskant og vaskesetel på baksida...
Dette var verkeleg eit morosamt prosjekt. Eg ville ikkje kvi meg på å sy fleire, om eg ikkje har så veldig mange prosjekt både i tankane og reint fysisk.....
Problemet er å finne ein høveleg stad å henge det opp. Som ein skjønar, syr eg ikkje til ein bestemt vegg o.l., eg lagar det eg har lyst til å lage....

Her er ein video der Violet forklarer foundation paper piecing!



Mønsterstrikka lester i herleg garn frå Rauma. 2tråda Gammelserie, stivt og godt å strikke av (slik eg likar det), og mjukt og herleg når det er vaska.


Litt førebuing til avslutningsfesten i lappeklubben. Eg er i styret igjen, og hadde saman med Inger laga ein aktivitet som vi kalla Frem fra glemselen, handsying på strek, eller på amerikansk, altså ikkje over papp. Ypperleg sommar-aktivitet i båt eller på hytte...



 Dagros kom i sitt rette element dagen etter at ho var ferdig. I Langedalen møter ein framleis på kyr om sommaren.


Fleire bilete frå Langedalen her.

 Elin Torvik Grov sitt bilete.

Vi hengde opp nokre eldre teppe. Det er veldig kjekt å lufte teppa sine av og til, og studere dei på avstand. Det er mykje handsaum i desse to produkta.



Dette teppet er eg spesielt glad i. Det var mi sveineprøve når det gjeld intrikat patchwork. Teppet blei sydd over nokre år, og var ferdig i 08 trur eg. 
Om ein trykkjer på lenka over, kjem ein til alle innlegga eg hadde undervegs, dette på gamlebloggen min. Når eg no ser på blokkene, får eg faktisk lyst til å sy fleire av dei på nytt. Eg har jo fått uendeleg mykje meir kunnskap enn eg hadde den gongen. 
Dette markerte og starten på mange nye vennskap over nettet, og mykje kommunikasjon, særleg i USA. Og Anne Ida i Oslo...og det var starten på karrieren som BLOGGAR...

Og det var før ein brukte så mykje pengar på nye stoff, ikkje minst....


Og her er den oppvaksande slekt...Gullgut i heimestrikka vest, og med mormor sin mobil...


søndag 13. januar 2019

Kurshelg på Eid.

Link til Bambisyr, visa och beretta.
Link to Monday Making.

Denne helga arrangerte naboklubben, Nordfjord Lappe- og Quilteklubb eit kjempekjekt kurs på Stokkenes Gjestegard. Dette er eit veldig fint kurslokale, og er klubben sin faste plass til møter og kurs.
Denne gongen var det Mali Storli Engedal som underviste i moderne quilting. Mali er med-administrator i facebookgruppa Moderne skandinaviske quiltere, og har oversikt over det meste som rører seg i denne sjangeren. Libs Elliot er truleg favoritten hennar. Eg vil anbefale å sjekke ut denne linken og sjå kva denne fascinerande dama driv med!



Dette er rebel-quilten som alle sydde på i helga, nokre stor og nokre i ein mindre storleik. Desse to kviltane er Mali sine.


Fleire Libs-kviltar som Mali har laga:



 Double trouble Quilt!


The Watcher Quilt!






Her er starten på mitt arbeid...


 Eg måtte sjølvsagt putte inn nokre Libs-stoff!


Meir glimt frå kurslokalet:

Veldig god linjal!!

Prosjektmappa til Aud!





Tusen takk til klubben for eit spenstig kurs!

fredag 10. august 2018

Summer Sampler 12 blocks finished.


Summer Sampler 12 blocks.

Eg er heilt ajour med desse blokkene no, og ventar ei ny på måndag igjen. Nokre blokker har jo skapt litt hovudbry, men det har ein vel berre godt av...Det er 6 blokker som står att, i tillegg til fyllblokkene, viss ein vil ha det. 


Blokk 12, Milan.

Denne er inspirert av gata utanfor den store katedralen i Milano, som Debbie Jeske fekk sjå frå taket av katedralen! Sjekk bloggposten hennar her.


Baby Noah treng litt forskjellig. Siklesmekke, til dømes. Eg prøver meg fram, men er ikkje heilt i mål. Kosekluten likar både han og brødrene godt å leike med. Det er interessant for minsten å utforske dingsane som stikk ut. Desse er no berre mjuke og gode.


Då er ein lang ferie snart til ende. Denne sommaren har vore prega av den sterke varmen. Vi har ikkje trengt syden-tur, til dømes. Eg har sydd ein del, høyrt mange lydbøker,  rydda masse, vore litt på småturar. Fjellturane i fineveret blei hindra av eit vondt gnagsår, veldig irriterande. Når gubben endeleg fekk ferie, blei det sjukdom i familien, så ein kan trygt seie at dette har vore "staycation", noko som ikkje kjennest heilt tilfredsstillande... Men ein har det altfor godt til å ha lov å klage!

God helg til alle som er innom bloggen!

fredag 3. august 2018

Summer Sampler 2018 update, and wonderful nature!

Catch up days with Summer Sampler 2018. Five new blocks are done, and I'm ajour. Half way through this summer sew along. Each block has its own history, and come from famous designers. 


Her er dei neste fem blokkene i Summer Sampler 2018. Tre av desse er sydde på papir. Stoffa kjem ein del frå Helene Juul sitt stash abonnement. Gratulerer til Helene med den nye, fine nettbutikken! Den har eg venta på ei stund, ja. Det er mange år sidan no at eg blei med i det første abonnementet hennar (saman med Wenche Wollf Hatling), det var i reproperioden min! Helene er ekspert på reproduksjonsstoff/historie. Ho er også glad i moderne stoff. Såleis finn eg mykje interessant i hennar butikk. 



Block #10:
Vatican
12” x 12” finished
by Melissa Mortenson
www.polkadotchair.com
Welcome to Week 10 of Summer
Sampler 2018! This week’s block, by
Melissa Mortenson of Polka Dot Chair, was
inspired by a beautiful tile floor in the Vatican.


2018Block #7: Half-Timbered
12” x 12” finished
by Lee Heinrich
Freshly Pieced
www.freshlypieced.com
Welcome to Week 7 of Summer Sampler 2018! This week’s block, by Lee Heinrich of Freshly Pieced, is a paper-pieced block inspired by a classic German architecture style.

 Block #11:
Under the Eiffel Tower
12” x 12” finished
by Rebecca Bryan
Bryan House Quilts
www.bryanhousequilts.com
Welcome to Week #11 of Summer Sampler
2018! This week’s block, by Rebecca Bryan
of Bryan House Quilts, is inspired by the view
looking up from beneath the Eiffel Tower.
 Block #8:
Castillo
12” x 12” finished
by Faith Jones
Fresh Lemons Quilts
www.FreshLemonsQuilts.com
Welcome to Week 8 of Summer Sampler
2018! This week’s block, by Faith Jones of
Fresh Lemons Quilts, is inspired by her
recent trip to the Castillo de San Marcos in St.
Augustine, Florida.
 Block #9:
Pagoda
12” x 12” finished
by Lee Heinrich
Freshly Pieced
www.freshlypieced.com
Welcome to Week 9 of Summer Sampler
2018! This week’s block, by Lee Heinrich of
Freshly Pieced, was inspired by the angular
architecture of pagodas she visited
during a trip to China.

Nokre feriebilete frå "nærområdet"

Utsikt frå hytta i Remmedalen. Gamlesætra skimtar ein til høgre, med sel og lade.



Indre Nordfjord

Utsikt til Hoven i Loen. Nei, vi tok ikkje gondolen opp denne gongen heller. Men det ser unekteleg spektakulært ut!


Oldedalen

Briksdalsbreen, ein arm av Jostedalsbreen. Det er fælt å sjå kor mykje den har smelta!
Vi hadde ikkje tid til å gå oppover, så det blei med telelinse... Dagen etter var vegen stengd til breen pga. ekstremregn. Det er mange år sidan no at det blei slutt med hesteskyss, dette pga. nokre uheldige hendingar, så no foregår turen via spesialbilar eller at ein spaserer 40 minutt.


Briksdalen Fjellstove, sett frå baksida.

 Utsikt frå Melkevoll og framover mot Oldedalen og vatnet.



Melkevoll fremst, og Briksdal Fjellstove skimtar ein så vidt i bakgrunnen på dette biletet. 
Denne campingen er berre kjempeflott.


Biletet er teke frå Yri. 


Noah er blitt 5 md, og likar seg godt på det fargerike teppet på golvet!