Viser innlegg med etiketten Remmedalen cabin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Remmedalen cabin. Vis alle innlegg

tirsdag 21. mai 2019

Summer Sampler 2019


Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Eg måtte berre melde meg på sommarsampleren dette året og! Ein kan lese masse om dette m.a. HER.











Første blokka kom på mail i går, og namet på den er Spring Fever. Designaren heiter Lynn Carson Harris. Det er ei skikkeleg presisjonsblokk. Det kan vere nyttig å gå inn på bloggen hennar og leite opp "tutorials".  Ein får masse tips og støtte undervegs, og det er såleis veldig nyttig. Blokka mi er penare i fargane enn dette biletet gir inntrykk av.


Eg vel som vanleg å sy frå lageret. Her har eg mellom anna funne fram ein del Carolyn Friedlander-stoff, som høyrer til skattane mine.


Presisjon: Korleis sy såkalla "twirled seams" (tvinna saumar?) på små firarblokker. Dette er første gongen eg har forstått kva ein må gjere for å få det til i ei 16blokk.


Slik skal det vere. Ein må halde tunga beint i munnen. Må trene meir på dette.


 Presisjon betyr også at ein må vere nøyaktig når ein kuttar stoff, og at ein har ein scant (knapp) 1/4 inch saumrom.
Tips om korleis kontrollere saumrommet får ein også. Har ein mange små blokker i ei stor blokk, er det heilt avgjerande at saumrommet er rett.



Handsaumprosjekt på hytta i helga: The Lion av Violet Craft.   Ja, det stemmer, same designar som Cow Abstractions, berre at denne gongen er det EEP, handsaum over papp. Det er reine puslespelet.








17. mai 2019
var ein fantastisk flott dag. Vi feira i lag med våre næraste, og var med både på Rygg og Mardal, som i fjor. Ekstra kjekt med yngstejenta heime, det er er mange år sidan ho har vore med oss på nasjonaldagen.
Eg har hatt svigermor sin bunad i skåpa i mange år, men trudde aldri eg skulle kunne nytte den. No gjekk det! Men bunaden må fiksast litt på, då "livet" skal sitje høgare. Nokre stølar blei fjerna frå sølvbeltet, som eg i fjor ikkje kunne bruke. Gamlebunaden lånte eg bort til ei veninne i koret. Vi song i Gimmestad kyrkje.



fredag 3. august 2018

Summer Sampler 2018 update, and wonderful nature!

Catch up days with Summer Sampler 2018. Five new blocks are done, and I'm ajour. Half way through this summer sew along. Each block has its own history, and come from famous designers. 


Her er dei neste fem blokkene i Summer Sampler 2018. Tre av desse er sydde på papir. Stoffa kjem ein del frå Helene Juul sitt stash abonnement. Gratulerer til Helene med den nye, fine nettbutikken! Den har eg venta på ei stund, ja. Det er mange år sidan no at eg blei med i det første abonnementet hennar (saman med Wenche Wollf Hatling), det var i reproperioden min! Helene er ekspert på reproduksjonsstoff/historie. Ho er også glad i moderne stoff. Såleis finn eg mykje interessant i hennar butikk. 



Block #10:
Vatican
12” x 12” finished
by Melissa Mortenson
www.polkadotchair.com
Welcome to Week 10 of Summer
Sampler 2018! This week’s block, by
Melissa Mortenson of Polka Dot Chair, was
inspired by a beautiful tile floor in the Vatican.


2018Block #7: Half-Timbered
12” x 12” finished
by Lee Heinrich
Freshly Pieced
www.freshlypieced.com
Welcome to Week 7 of Summer Sampler 2018! This week’s block, by Lee Heinrich of Freshly Pieced, is a paper-pieced block inspired by a classic German architecture style.

 Block #11:
Under the Eiffel Tower
12” x 12” finished
by Rebecca Bryan
Bryan House Quilts
www.bryanhousequilts.com
Welcome to Week #11 of Summer Sampler
2018! This week’s block, by Rebecca Bryan
of Bryan House Quilts, is inspired by the view
looking up from beneath the Eiffel Tower.
 Block #8:
Castillo
12” x 12” finished
by Faith Jones
Fresh Lemons Quilts
www.FreshLemonsQuilts.com
Welcome to Week 8 of Summer Sampler
2018! This week’s block, by Faith Jones of
Fresh Lemons Quilts, is inspired by her
recent trip to the Castillo de San Marcos in St.
Augustine, Florida.
 Block #9:
Pagoda
12” x 12” finished
by Lee Heinrich
Freshly Pieced
www.freshlypieced.com
Welcome to Week 9 of Summer Sampler
2018! This week’s block, by Lee Heinrich of
Freshly Pieced, was inspired by the angular
architecture of pagodas she visited
during a trip to China.

Nokre feriebilete frå "nærområdet"

Utsikt frå hytta i Remmedalen. Gamlesætra skimtar ein til høgre, med sel og lade.



Indre Nordfjord

Utsikt til Hoven i Loen. Nei, vi tok ikkje gondolen opp denne gongen heller. Men det ser unekteleg spektakulært ut!


Oldedalen

Briksdalsbreen, ein arm av Jostedalsbreen. Det er fælt å sjå kor mykje den har smelta!
Vi hadde ikkje tid til å gå oppover, så det blei med telelinse... Dagen etter var vegen stengd til breen pga. ekstremregn. Det er mange år sidan no at det blei slutt med hesteskyss, dette pga. nokre uheldige hendingar, så no foregår turen via spesialbilar eller at ein spaserer 40 minutt.


Briksdalen Fjellstove, sett frå baksida.

 Utsikt frå Melkevoll og framover mot Oldedalen og vatnet.



Melkevoll fremst, og Briksdal Fjellstove skimtar ein så vidt i bakgrunnen på dette biletet. 
Denne campingen er berre kjempeflott.


Biletet er teke frå Yri. 


Noah er blitt 5 md, og likar seg godt på det fargerike teppet på golvet!


mandag 2. juli 2018

July already!


 Ny liten løpar til gåvekorga. Stoffa her er frå Camille Roskelley.

Link til Bambisyr, visa och beretta.


Greinnellik, eller er det busk-?, gammaldags fleirårig plante.


Den blå valmuen for ille i stormkasta på gjebussen min... Det same gjorde fleire andre stauder.
Men frøkapslane er dekorative, dei og.


Bilete frå Heida, Remmedalen.



Bilete frå heimstaden min på Stårheim.


Revebjølla toler mykje!




Det var ein gong! Svært mange i slekta har utruleg gode minne frå denne staden, der foreldra mine og eg budde frå 70-talet og framover. Samlingspunkt! Vemod. Ei tid som er borte.



mandag 4. september 2017

Retro black

Another tablerunner of this pattern, just a shorter one, to fit the table of a friend of mine.  

Dette mønsteret har eg sydd ein gong før, ein lengre modell. Her er innlegget om den.
"Retro black" design Kari Renolen og Liv Storvik Harby, peggy.no



For 2 helgar sidan var vi på hyttetur i Valdres, på Søre Fjellstølen.
Nydeleg natur.




Denne helga var vi på vår eiga hytte. Det blei mykje tytebærplukking.



Tru kva denne karen heiter?


mandag 31. juli 2017

Hollandsk Blå



As I'm in need of another slow project, I have started out with some EEP. This is the humble start of Hollandsk Blå from Wollf and Juul design and pattern. I use fabric from stash.


Sidan eg treng eit nytt langtidsprosjekt med handsaum, har eg så vidt komt igong med Hollandsk Blå, som er eit anna Wollf/Juul-prosjekt. Her skal bli både engelsk papirsaum og broderi i lange baner.
Link til bilete her.

Det har vore ei flott siste julihelg her i vest med både regn og sol, og god temperatur. På hytteturen gjekk vi ein flott tur i nærmiljøet. Eg legg ut meir bilete på naturbloggen.


 Kan nokon hjelpe meg med namnet på denne stauden? Veldig fasinerande når blomane held på å sprette ut.



Her er oversyn over Hamneset (med Eidsfjorden inn til venstre og Nordfjorden inn til høgre), Gjegnen er sjølvsagt med. Det blei ein lang tur på søndag, som for min del enda i eit gjørmebad, heldigvis utan mein.... vi kunne få oss ein god lått på heile greia.
Fleire bilete på Naturbloggen etter kvart.

Elin Torvik Grov sitt bilete.
att


lørdag 17. juni 2017

Mid June, this and that...

One monthly goal update 27.06.17: I'm linking up to Elm Street Quilts for accomplishing this quilt top.


Life is beautiful top is done! This was my monthly goal, so I'm pretty satisfied to lay ahead of schedule. I hope it will be a finish soon.


Vi er i midten av juni, og det er snart ferie.
Her er litt av det eg syslar med på syrommet, pluss nokre bilete frå hagen og nokre frå hytta for 2 veker sidan. Denne helga er veret grått her i vest. Eg har lært meg til at skal det bli trimtur, må det bli på føremiddagen før regnet kjem. I dag gjekk eg i 2 - 3 timar, heimanfrå til Ryggjastøylen, vidare til Ravnestadstøylen og heim. Eg er priviligert som kan ta slike helsebringande turar!

God helg!



Some progress on City Sampler quilt, I have decided the layout and have started making the rows.



These night and days are growing in the sand by the porch.



Two weeks ago at the cabin!