Viser innlegg med etiketten Modern medallion. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Modern medallion. Vis alle innlegg

søndag 10. mai 2015

Litt sying, men ikkje mykje....

Some update from last week. Only a few blocks made, and some stitching. But I have plans with the Quiltmania magazine! And I love the Craftsy lectures, look at the wonderful needleturn applique block from the Sarah Fielke lecture! 


Her er oppdatering på Moderne Mormor. Eg trudde at eg vart ajour, men mangla 2 blokker på det. Etterpå står det att 10 blokker. Dei må eg prøve å sy etter kvart. 


 Laurdag var det planlagt samsy på maskin, men det var så sosialt og kjekt at det blei litt stitchery. Desse  Life is beautiful-blokkene er veldig fine å ta med på tur.


Mi eldste niese runda 50 år, og no har ho fått ugleløparen med meg. Ho vart glad, ser vi... 


Denne utgåva av Quiltmania er ei perle. Eg har store planar, sjekk ny lenkje i høgremargen...


Eg har ein del kurs på Craftsy, og eg kan ikkje skryte nok av dei! Sarah Fielke har eit nydeleg kurs med småarbeid i forskjellige teknikkar. Makan til behageleg lærar!
Her har eg lasta ned eit lite prosjekt i needleturn som eg har lyst å prøve meg på.


mandag 13. april 2015

Gledeleg overrasking - eller ei fjør i hatten...


Du veit den medaljongen min?

I dag fekk eg ei gledeleg overrasking då eg var inne på Instagram. Crystal frå bloggen Raspberryspool, designaren av den moderne medaljongen, framheva teppet mitt, OMG!! Det var skikkeleg morosamt.
No har ho laga eit nytt crazy teppe med ufullstendige New York Beauty-blokker, som ho også sel mønster til. Skikkeleg kult. Ta ein titt både på bloggen og instaen.

Eg vil forresten framheve Instagram som eit prima medium til å kome i kjapp kontakt med likesinna, folk som lagar det same som du, eller har same preferansane. Det er utruleg kjapt og lettvint å kommunisere. Hashtag/emneknagg på prosjekt el.l., og vips så får du opp mange med det same. Når eg først gjekk for open profil på Instagram, vil eg ikkje gå bort frå det. Enklare enn blogg, yahoo-gruppe, flikr osb.

Kva med deg, er du med?



So proud today, being featured at Raspberryspool's blog and Instagram! Thank you, Chrystal! I would like to do your new pattern as well! I like your style.

tirsdag 31. mars 2015

Ein fuktig, men ferdig medaljong.

Fokuset har vore bra dei siste dagane, eg hadde bestemt meg for at denne  medaljongen ikkje skulle bli ein ufo. Eg har storkosa meg med kviltinga på denne. Den må seiast å vere improvisert, blitt til undervegs. Her heng han altså, medaljongen, rett frå vaskemaskina.

Modern Medallion Quilt along, I started this one last year, a great and fun project, using scraps, and everything is wonky. Thanks to Angie from Gnome Angel for this great tutorial!