Viser innlegg med etiketten 2016 finishes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 2016 finishes. Vis alle innlegg

lørdag 31. desember 2016

Happy new year!

This is the last blog post of 2016. It has been a good and productive year. I hope to go on blogging in 2017, a year I celebrate 10 years of blogging! 
I thank all my readers and companions for the old year, and wish you all a happy New Year!


Det er nyttårsafta, og dette blir dermed siste blogginnlegget i 2016. 

Denne romjula har vore prega av mykje ver og mykje sykje... altså har vi vore mest i ro. 
Det er første nyttårsafta på 15 år utan hund, og det er i seg sjølv både vemodig og ei lette. Tinka var umåteleg redd rakettane, og sjølv om snille naboar ringde og varsla, var det ikkje anna å gjere enn å setje seg i bilen og køyre til "ein stille stad". 
Eg er no litt sånn kjerringa mot straumen, eg likar verken for mykje juleutelys eller for mykje rakettar. Eg tykkjer raketthysteriet er heilt forferdeleg, tenk å skyte opp i lufta så mykje, kva kunne ikkje verda brukt dei pengane til av gode formål.... 

Vel vel, året er snart slutt, og det har for vår familie vore eit godt år. Vi har ein som har mista jobben, men han er beundringsverdig flink til å finne mellombels arbeid og stå på. Respekt for det! 
Eg skal elles ikkje gjere opp status, anna enn at eg er så takknemleg for familien min, for at helsa har vore god, for arbeid, kollegaer og vener. Og heile tida har eg syrommet som min sentrale plass i huset (!), der eg finn ro og inspirasjon, syr og høyrer lydbok. Det er mentalhygiene, og eg føler meg priviligert som får utfalde meg med slike gode hobbyar.

Takk for det gamle året, og godt nytt år!


Her er nokre bilete av julegåver som vart ferdige på tampen.
Jakka er str. 2 år, og er til Isak. 


Dette slumreteppet har eg sydd saman i dag. Det skal vere gåve til ei niese som fylte 50 år i januar... Ho ønska seg haustfargar, så dette blei eit Scrappy trip around the world, det skal ha fleece på baksida, og skal kviltast ein av dei første dagane.


Eg tykte det passa godt på spisebordet i gamlestova. Trur eg må sy ein duk der...


Sviblane er komt ut for døra, for dei luktar veldig. Det har vore ei mild jul!

  
Utsikta frå terrassen nyttårsafta 2016. Vått og grått. So det pla...


Etter Syria-boka var det godt å slappe av med denne boka. Her har eg lært nye uttrykk som "staycation" (ferie i heimlandet), "pitylikes" (når folk likar bildet ditt for å vere snill), og haldningar som No retreat, no surrender (frå Karate Kid).
Veldig morosamt, samtidig alvorleg, sjølv om ting er sette på spissen, er der mange sanningar under!


Bilderesultat for winter i verdens rikeste land Her er bokmelding.

Tro ikke mørket når lyset går ned i skumringens fang, sa morfar, - alltid er det på jorden et sted soloppgang (Sitat frå Andre Bjerke?)

mandag 19. desember 2016

Runner - give away - good read!

I simply enjoy using this mini curve ruler, it is so usable and easy to handle! This time I have finished a runner for Christmas, or for the whole year... Free pattern at Sew kind of Wonderful web site.

Ny løpar med mini quick ruler. Dette er ein særs nyttig og kjekk og anvendeleg reiskap!




Elin Torvik Grov sitt bilete.

Give away!

Birthe har 5årsjubileum som bloggar, og har ein flott give away! -eg anbefaler å følgje hennar blogg, ho lagar mykje fint, og er raus med råd og vink!






Særleg god bok!

Høgaktuell sakprosabok som gjev sterkt inntrykk.

Denne boka kan eg ikkje få anbefalt nok! Sjå link over, og under.

To søstre, bokomtale.

To søstre


søndag 4. desember 2016

December already...

Just a few pics of some of the things I have been dealing with lately. Improve trees are so much fun to make! Here is a wallhanging, some mug rugs and two pillows, which now are completely finished.


Her kjem nokre frå bilete av ting eg har sysla med i det siste. Det er så kjekt å improvisere, og eg har blitt litt hekta på tre. 
Putene nederst er no heilt ferdige, omsider. Syrommet treng eit skippertak, eg er så vidt begynt. Ein vil ikkje tru kor fort det blir kaos på slike stader....
Elles går det i lettare strikk til julegåver.

Og så HAR eg kjøpt inn garn til julekalendervottar. Ja, det stemmer, eg strikka alle 24 vottane for fleire år sidan, men kvar er dei??? Vi har no leita i 2 aktuelle hus, utan hell. Eg hugsar at det var veldig morosamt å strikke dei, så eg tek gjerne ein runde til, det kan vere koseleg inneaktivitet i jula....

Sjå gjerne innom bloggen til Gloppetausene, der er mykje fint frå siste møtet.

Ha ei fin veke, alle saman som måtte sjå innom her!





tirsdag 29. november 2016

Julemesse 1. søndag i advent!

Det vart litt ferdigstilling av pågåande prosjekt no i november. Eg hadde ei lita utstilling på julemessa. Det er kjekt å vise fram det ein held på med. Nokre tykkjer eg syr mykje, og då kan eg seie ja, og at det er medisinen min, mentalhygiene, etter tøffe sjukdomsår. 
Når eg får vere på syrommet med ei god lydbok, ja, då er livet godt (då og :)!
Om du ser noko du har lyst å kjøpe, så ta kontakt. Som forventa var det ikkje så mykje som for.

Desse putene er knallgode i sofaen, 50 cm store.

                                           Eg hadde tenkt i utgangspunktet å lage løpar av dei tre blokkene frå Sew Kind of Wonderful, men så hadde eg starta med eit bakgrunnsstoff som ikkje rakk til meir enn ei blokk... Då blei det ei pute og to små kvadratiske dukar.


                                           Kurs med Randi Røys resulterte i denne løparen hos meg. Her har eg fråtsa i fyrstikkkvilting på midtstykket. Kjekt!

                                                   Mønster på desse posane står i eit hefte eg har.

                                                       
                                                       Bøtter ala Timotei, ho har tutorial på bloggen sin.





Timotei har kjekt mønster på små pungar. Over her har eg sydd dei i forskjellige storleikar. 
Litt resteprosjekt innimellom.


Desse sminkepungane har eg designa sjølv. Kjekt å sy og kjekt å ha!


Slik såg utstillinga ut.

mandag 14. november 2016

Another cross cut table runner.

I'm not quite sure if I like this runner that much... but it will be on the table for the coming Advent.

Eg har laga ein adventsløpar i crosscut-metoden. Vi hadde denne teknikken som aktivitet på siste lokallagsmøte. Det skal bli spennande å sjå kva produkt som blir viste fram på desembermøtet i klubben!




mandag 7. november 2016

Hazel the Hedgehog


Welcome to my new favourite  "pet",
Hazel the Hedgehog from Elizabeth Hartman
She is pretty huge, 20 square inch.
Love her!

Denne puta blei ferdig seint søndag kveld. Mønsteret er frå Elizabeth Hartman, og dette er den mellomste utgåva, dvs. 20 inch, eller ca. 50 cm pute. 

Piggane er Tula Pink sitt stoff. Vil lage fleire slike.

Eg blir i godt humør av Hazel!


Ønskjer alle blogglesarane ei fin veke!





torsdag 3. november 2016

Mini Curve Ruler

(Om nokon ønskjer å kjøpe av produkta mine, så ta kontakt.) 


Duk og løparar med minisving-linjalen. Øverst mønster frå Bente Malm, og stoff frå Carolyn Friedlander.


Løpar, eigen design. Stoff av Denyse Schmidt, og svart chambrey!


Minidrakar, same linjal, mønster frå Sew Kind of Wonderful. Stoff er stort sett Kona cotton solids og chambray.





søndag 9. oktober 2016

Two favourite fabric designers!

Runner finish, Karen Lewis fabric. A kind of bargello.

And a new FQ bundle from Kathrines Quiltestue, mostly Carolyn Friedlander fabric.

A long hike in old forest today. More photos in Nature blog to the left.

No er bargelloløparen med Karen Lewis-stoff heilt ferdig.
Vidare fekk eg ein FQ-pakke med Carolyn Friedlander-stoff frå Kathrines Quiltestue.
Dei er allereie skårne i, det er slutt på å spare og spare på godbitane!








Meir mini curve-linjal, denne gongen Bente Malm sitt mønster. Duken manglar den ytste kanten.


I dag hadde vi ein skikkeleg tur i gammal skog og til dels ulendt terreng. Heldigvis hadde eg med fotoapparatet. Eg blir veldig fasinert når eg går på slike stiar. Fleire bilete på naturbloggen til venstre.


Morafta over, og Traudalsnibba under.
Sola blir lågare dag for dag. Det er lett å følgje med no når det er så stabilt høgtrykk her.




torsdag 6. oktober 2016

Kite runner, a sort of...

Here are some pics of one of my new runners. This one is inspired from the pattern Mini Kites  here, and I used the QCR Mini  from Sew Kind of  Wonderful. 


 I denne nye løparen har eg brukt Quick Curve Ruler Mini og Chambray stoff, i tillegg til fargerike stoffbitar av Denyse Schmidt m.fl. 
Kvilting med Aurifil 40w frå Fantasi på Sandane, fleirfarga.

Chambray er veldig populært austpå, og Kathrines Quiltestue har ofte ventelister på dette stoffet. Eg er svært glad i å bruke dette, og skulle ønske lokale butikkar kunne ta det inn i sortimentet sitt.

Linjalen kjem frå Sew Kind of Wonderful (sjå link over), og mønsteret er ein variant av Mini Kites frå dei same damene. 

Vi har nydeleg og stabilt ver i desse dagane. Eg høyrde på radio at dersom det var sommar med slikt høgtrykk, hadde vi hatt 35 - 40 grader.... Bileta har eg teke i lav haustsol, og er difor ikkje optimale.





Kinasøte høyrer oktober til. Desse blomane har eg hatt i bedet i over 30 år, så eg er glad kvart år når dei på nytt viser seg fram i all si prakt. Diverre er dei ikkje heilt opne her.
Det er nysnø på toppane.


Eit dimt rosebilde. Nye knoppar har lyst å springe ut...


Haustferien står for døra, så det er flott at meteorologen melder finever i komande veke og!