Viser innlegg med etiketten curve ruler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten curve ruler. Vis alle innlegg

mandag 5. mars 2018

Two finished runners and a good read.

Two tablerunners are finished!

Har ferdigstilt to løparar denne helga. Til venstre frå kurset til Nina Strandplass, stjerner med bua former. Til høgre frå kurset med Helle Løwenskjold, The learning curve ruler.

Link til Bambisyr, visa och beretta på måndag.






Liv andre har levd

Dette er 4. boka i familiekrøniken til Hoem. Det har vore ei svært interessant "reise". Kven har vel ikkje slektningar som har emigrert og søkt lukka i USA og Canada?
Dette er sterk lesnad, mange skjebnar...
Lydbok der forfattaren sjølv les på si vakre dialekt.
Anbefalast.

søndag 21. januar 2018

Kurshelg i GLQ!

Først bilete av dei to nye "I spy pouches" som eg laga sist veke. Dette er mellomste storleik. Meir om Sara Lawson sine minikins i tidlegare innlegg.

 Sjekk nåleputa inni, den har eg fått av Turid Bakken. Den passar perfekt til dei syltynne, eksklusive knappenålene. 



 I helga har eg vore i lag med gode syvener i Gloppen og fått innsprøyting av VitaminQ (Hanne Schneider sitt uttrykk for kviltevitaminar...)

Denne gongen var det Helle Løvenskiold som var kursleiar. Tema var Learning Curve Ruler av Linda Warren.




 Mine produkt denne helga (ei blokk gløymde eg visst å ta bilete av..)
Her er stoff av Tula Pink og Carolyn Friedlander m.a.



Eg var heldig og fekk ekstraundervisning i ein annan linjal. Denne var faktisk ny for Helle. Men butikken vår, Fantasi, har den på lager. Dei har også fleire fine mønster, link.   Denne linjalen er ein skikkeleg poppis blant såkalla moderne kviltarar i inn- og utland for tida. Helle las seg opp på hotellet, og hadde god oversikt. 

Classic curve ruler frå Color Girl Quilts.



Meir om kurshelga på bloggen Gloppetausene.


søndag 15. oktober 2017

Sewing and crocheting.

Toppen Chic country er nesten ferdig, og i dag er eg begynt på kanten rundt med halve blomar. 
Eg er veldig i villrede om korleis eg skal kvilte denne. Sentrum av blomen er pakka med stoff, og må i alle fall få fred...

Some slow progress on Chic Country, I have made some border blocks today.
And I do some crochet along with Cherry Heart (link below).



 Cherry Heart



Eg er med på Cherry Heart sin heklealong (klikk i lenkja over), der det kjem nytt framhald kvar tysdag. Her er det slanking av garnlager og blanding av forskjellige garnkvalitetar. Veldig moro!



Midt i haustferieveka var eg ein tur til Ålesund og besøkte vener. Bileta her er frå Langevåg.



mandag 19. desember 2016

Runner - give away - good read!

I simply enjoy using this mini curve ruler, it is so usable and easy to handle! This time I have finished a runner for Christmas, or for the whole year... Free pattern at Sew kind of Wonderful web site.

Ny løpar med mini quick ruler. Dette er ein særs nyttig og kjekk og anvendeleg reiskap!




Elin Torvik Grov sitt bilete.

Give away!

Birthe har 5årsjubileum som bloggar, og har ein flott give away! -eg anbefaler å følgje hennar blogg, ho lagar mykje fint, og er raus med råd og vink!






Særleg god bok!

Høgaktuell sakprosabok som gjev sterkt inntrykk.

Denne boka kan eg ikkje få anbefalt nok! Sjå link over, og under.

To søstre, bokomtale.

To søstre