In this blog post I promote three interesting designers. Check the links and use the translator for my blog post.
I link to Kathy's Quilt on Slow Sunday Stitches. My slow stitches this Sunday are bindings on some Christmas projects.
Første søndag i advent allereie. Vi har hatt nokre flotte vinterveker med kulde. Denne helga er det mildver igjen. Mørketid er det uansett.
Eg har mange ting på gang på syrommet, og her er nokre ting som faktisk er ferdige. Eplegryteklutar etter Rannveig frå Timotei sitt mønster. Ho er veldig flink til å lage enkle og lettfattlege og skikkelege mønster! I tillegg er dei ikkje dyre. I mylderet av designerar er ho av desse årsakene blant dei beste etter mitt syn. Skulle ønske ho kunne kome med fleire mønster oftare!
Ein annan designar, amerikansk, er Sara frå Sew Sweetness. Ho har eit sett med mønster på pungar/vesker som ho kallar Minikins. Her er ein av pungane eg har laga, I spy pouch.
Desse skal eg sy fleire av før jul, har eg tenkt...
Eg fekk augene opp for Sara heilt tilfeldig på Facebook. Der har ho ein video av denne veska laga av lukkekantar. Eg brukte Civil War-lukkekantar som eg samla på for lenge sidan.
Du finn videoen på lenkja over.
Sandra frå Cherry Heart er ein engelsk designar som kanskje er mest kjend for hekling er den tredje designaren eg har jobba med denne førjulsvinteren.
Dette teppet blei ferdig i går. Eg har slanka garnlageret mitt med 700 gram!
Dette var eit utruleg kjekt prosjekt. På facebookgruppa A Spicier Life Quilt Along finn ein bilete og mønster. Nokre har laga teppet i ein farge, og det er heller ikkje dumt. Då slepp ein all trådfestinga...
Teppet er ikkje spesielt stort, og nokre deltakarar på alongen har laga kvar mønsterrabatt lenger.
Det kom ei sending frå Island!
I fjor hadde vi besøk av nokre slektningar av Jostein, som vi aldri hadde helst på før. Sjølv om vi sleit litt med språket, var det eit utruleg kjekt bekjentskap. Stor var overraskinga då vi fekk ein diger pakke i posten, dette er berre eit utval av innhaldet. Jakker og genserar i Loopi, reknar eg med. Det er til å miste både mål og mæle av!
