Viser innlegg med etiketten Carolyn Friedlander. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Carolyn Friedlander. Vis alle innlegg

tirsdag 21. mai 2019

Summer Sampler 2019


Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Eg måtte berre melde meg på sommarsampleren dette året og! Ein kan lese masse om dette m.a. HER.











Første blokka kom på mail i går, og namet på den er Spring Fever. Designaren heiter Lynn Carson Harris. Det er ei skikkeleg presisjonsblokk. Det kan vere nyttig å gå inn på bloggen hennar og leite opp "tutorials".  Ein får masse tips og støtte undervegs, og det er såleis veldig nyttig. Blokka mi er penare i fargane enn dette biletet gir inntrykk av.


Eg vel som vanleg å sy frå lageret. Her har eg mellom anna funne fram ein del Carolyn Friedlander-stoff, som høyrer til skattane mine.


Presisjon: Korleis sy såkalla "twirled seams" (tvinna saumar?) på små firarblokker. Dette er første gongen eg har forstått kva ein må gjere for å få det til i ei 16blokk.


Slik skal det vere. Ein må halde tunga beint i munnen. Må trene meir på dette.


 Presisjon betyr også at ein må vere nøyaktig når ein kuttar stoff, og at ein har ein scant (knapp) 1/4 inch saumrom.
Tips om korleis kontrollere saumrommet får ein også. Har ein mange små blokker i ei stor blokk, er det heilt avgjerande at saumrommet er rett.



Handsaumprosjekt på hytta i helga: The Lion av Violet Craft.   Ja, det stemmer, same designar som Cow Abstractions, berre at denne gongen er det EEP, handsaum over papp. Det er reine puslespelet.








17. mai 2019
var ein fantastisk flott dag. Vi feira i lag med våre næraste, og var med både på Rygg og Mardal, som i fjor. Ekstra kjekt med yngstejenta heime, det er er mange år sidan ho har vore med oss på nasjonaldagen.
Eg har hatt svigermor sin bunad i skåpa i mange år, men trudde aldri eg skulle kunne nytte den. No gjekk det! Men bunaden må fiksast litt på, då "livet" skal sitje høgare. Nokre stølar blei fjerna frå sølvbeltet, som eg i fjor ikkje kunne bruke. Gamlebunaden lånte eg bort til ei veninne i koret. Vi song i Gimmestad kyrkje.



søndag 21. januar 2018

Kurshelg i GLQ!

Først bilete av dei to nye "I spy pouches" som eg laga sist veke. Dette er mellomste storleik. Meir om Sara Lawson sine minikins i tidlegare innlegg.

 Sjekk nåleputa inni, den har eg fått av Turid Bakken. Den passar perfekt til dei syltynne, eksklusive knappenålene. 



 I helga har eg vore i lag med gode syvener i Gloppen og fått innsprøyting av VitaminQ (Hanne Schneider sitt uttrykk for kviltevitaminar...)

Denne gongen var det Helle Løvenskiold som var kursleiar. Tema var Learning Curve Ruler av Linda Warren.




 Mine produkt denne helga (ei blokk gløymde eg visst å ta bilete av..)
Her er stoff av Tula Pink og Carolyn Friedlander m.a.



Eg var heldig og fekk ekstraundervisning i ein annan linjal. Denne var faktisk ny for Helle. Men butikken vår, Fantasi, har den på lager. Dei har også fleire fine mønster, link.   Denne linjalen er ein skikkeleg poppis blant såkalla moderne kviltarar i inn- og utland for tida. Helle las seg opp på hotellet, og hadde god oversikt. 

Classic curve ruler frå Color Girl Quilts.



Meir om kurshelga på bloggen Gloppetausene.


søndag 16. juli 2017

Mid July update.

Litt oppdatering av arbeid eg held på med. Det går mykje i tidkrevande kvilting av større tepper, litt kvar dag, så ein ikkje går lei og får kramper...

For dei som vil sjå meir private bilete som ikkje er hobbyrelaterte, kan de klikke inn på Naturbloggen.


Each summer I have some crocheting going on, with cotton yarn from stash. 
Crochet hexies together as you go.


Paper foundation piecing. Eads quilt along on Instagram. Pattern and fabric from Carolyn Friedlander.


Tula Pink's pattern City Sampler. Sew together on Facebook. Quilting is going on. My Pfaff is fantastic on this job. 


17.07.17 
35 years of marriage!



My grand niece Ingrid was married this Saturday. Her sister Helene to the right.


tirsdag 29. november 2016

Julemesse 1. søndag i advent!

Det vart litt ferdigstilling av pågåande prosjekt no i november. Eg hadde ei lita utstilling på julemessa. Det er kjekt å vise fram det ein held på med. Nokre tykkjer eg syr mykje, og då kan eg seie ja, og at det er medisinen min, mentalhygiene, etter tøffe sjukdomsår. 
Når eg får vere på syrommet med ei god lydbok, ja, då er livet godt (då og :)!
Om du ser noko du har lyst å kjøpe, så ta kontakt. Som forventa var det ikkje så mykje som for.

Desse putene er knallgode i sofaen, 50 cm store.

                                           Eg hadde tenkt i utgangspunktet å lage løpar av dei tre blokkene frå Sew Kind of Wonderful, men så hadde eg starta med eit bakgrunnsstoff som ikkje rakk til meir enn ei blokk... Då blei det ei pute og to små kvadratiske dukar.


                                           Kurs med Randi Røys resulterte i denne løparen hos meg. Her har eg fråtsa i fyrstikkkvilting på midtstykket. Kjekt!

                                                   Mønster på desse posane står i eit hefte eg har.

                                                       
                                                       Bøtter ala Timotei, ho har tutorial på bloggen sin.





Timotei har kjekt mønster på små pungar. Over her har eg sydd dei i forskjellige storleikar. 
Litt resteprosjekt innimellom.


Desse sminkepungane har eg designa sjølv. Kjekt å sy og kjekt å ha!


Slik såg utstillinga ut.

torsdag 3. november 2016

Mini Curve Ruler

(Om nokon ønskjer å kjøpe av produkta mine, så ta kontakt.) 


Duk og løparar med minisving-linjalen. Øverst mønster frå Bente Malm, og stoff frå Carolyn Friedlander.


Løpar, eigen design. Stoff av Denyse Schmidt, og svart chambrey!


Minidrakar, same linjal, mønster frå Sew Kind of Wonderful. Stoff er stort sett Kona cotton solids og chambray.