tirsdag 21. mai 2019

Summer Sampler 2019


Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Summer Sampler 2019: Piecing Bootcamp

Eg måtte berre melde meg på sommarsampleren dette året og! Ein kan lese masse om dette m.a. HER.











Første blokka kom på mail i går, og namet på den er Spring Fever. Designaren heiter Lynn Carson Harris. Det er ei skikkeleg presisjonsblokk. Det kan vere nyttig å gå inn på bloggen hennar og leite opp "tutorials".  Ein får masse tips og støtte undervegs, og det er såleis veldig nyttig. Blokka mi er penare i fargane enn dette biletet gir inntrykk av.


Eg vel som vanleg å sy frå lageret. Her har eg mellom anna funne fram ein del Carolyn Friedlander-stoff, som høyrer til skattane mine.


Presisjon: Korleis sy såkalla "twirled seams" (tvinna saumar?) på små firarblokker. Dette er første gongen eg har forstått kva ein må gjere for å få det til i ei 16blokk.


Slik skal det vere. Ein må halde tunga beint i munnen. Må trene meir på dette.


 Presisjon betyr også at ein må vere nøyaktig når ein kuttar stoff, og at ein har ein scant (knapp) 1/4 inch saumrom.
Tips om korleis kontrollere saumrommet får ein også. Har ein mange små blokker i ei stor blokk, er det heilt avgjerande at saumrommet er rett.



Handsaumprosjekt på hytta i helga: The Lion av Violet Craft.   Ja, det stemmer, same designar som Cow Abstractions, berre at denne gongen er det EEP, handsaum over papp. Det er reine puslespelet.








17. mai 2019
var ein fantastisk flott dag. Vi feira i lag med våre næraste, og var med både på Rygg og Mardal, som i fjor. Ekstra kjekt med yngstejenta heime, det er er mange år sidan ho har vore med oss på nasjonaldagen.
Eg har hatt svigermor sin bunad i skåpa i mange år, men trudde aldri eg skulle kunne nytte den. No gjekk det! Men bunaden må fiksast litt på, då "livet" skal sitje høgare. Nokre stølar blei fjerna frå sølvbeltet, som eg i fjor ikkje kunne bruke. Gamlebunaden lånte eg bort til ei veninne i koret. Vi song i Gimmestad kyrkje.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!