Viser innlegg med etiketten Traudalen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Traudalen. Vis alle innlegg

onsdag 22. januar 2020

Dear Jane and Dear Mum❤



Eg har hatt fokus på Dear Jane etter nyttår, og har sydd 14 blokker, dermed har eg ca. 40 midtblokker att...
G6 er ei skikkeleg nøtt, men det gjekk bra trass i ein stjernespiss som kjem til å bli kutta ved samansying. Det får stå si prøve🤗.



22.01.1920 blei mor fødd. Eg har teke fram eit ungdomsbilete av henne, og tenkt ekstra mykje på henne i dag. Ho var eit eineståande menneske! Det mangla ikkje på utfordringar og hardt arbeid i livet hennar. Men ho var heldig som gifta seg med ungdomskjærasten og fekk eit langt liv i lag med han før han døydde i 2007. Dei fekk ein son og tre døtre, 11 barnebarn og mange oldebarn.  Mor gjekk bort i januar 2010, og slapp å oppleve at sonen døydde av kreft i 2012.


Det har vore ein tung, våt, mørk og vindfull januar så langt. I dag har det vore lyst og fint. Eg såg ljøskjen av sola i Langedalen, så no har vi fått henne att!


Fekk meg ein fin tur på Støylen i dag!


Dette er første gongen eg bloggar frå nettbrettet. Bileta er ikkje redigerte, men kjekt å sjå at det fungerer likevel.

søndag 13. mai 2018

More scraps and birds!

Vi har hatt ei fantastisk flott helg kva vedkjem veret. Eg har fått jobba litt både inne og ute, gått turar, kosa med smågutane  mm. Her er skraplogcabinen ferdig kvilta og vaska. Med fleece på baksida skal denne bli god å varme seg på på plattingen i kjølige sommarkveldar!

Fuglelivet er framleis rikt, men no er det lauv på rognebuskene. Vi matar framleis, og det betaler seg. I går fekk vi besøk av ein kjernebitar, ein fugl som ikkje er vanleg her på våre kantar. Det var flott å sjå, og eg måtte som vanleg fotografere gjennom kjøkenglaset...

Link til Kathy's Quilts.



Handsaum, Alle mine fugler!





Kjernebitaren og bokfinken


Traudalen i dag.

  
Traudalen for nokre dagar sidan. 

Her skjer store inngrep i naturen pga. bygging av kraftverk. Det skal bli godt når såra ein gong gror att. Her på Sørstranda blir det no til saman 4 småkraftverk, frå Langedalen, Breidalen og Traudalen. I tillegg er det Kvitefella, som har vore i drift ein del år allereie.









søndag 9. oktober 2016

Two favourite fabric designers!

Runner finish, Karen Lewis fabric. A kind of bargello.

And a new FQ bundle from Kathrines Quiltestue, mostly Carolyn Friedlander fabric.

A long hike in old forest today. More photos in Nature blog to the left.

No er bargelloløparen med Karen Lewis-stoff heilt ferdig.
Vidare fekk eg ein FQ-pakke med Carolyn Friedlander-stoff frå Kathrines Quiltestue.
Dei er allereie skårne i, det er slutt på å spare og spare på godbitane!








Meir mini curve-linjal, denne gongen Bente Malm sitt mønster. Duken manglar den ytste kanten.


I dag hadde vi ein skikkeleg tur i gammal skog og til dels ulendt terreng. Heldigvis hadde eg med fotoapparatet. Eg blir veldig fasinert når eg går på slike stiar. Fleire bilete på naturbloggen til venstre.


Morafta over, og Traudalsnibba under.
Sola blir lågare dag for dag. Det er lett å følgje med no når det er så stabilt høgtrykk her.