Viser innlegg med etiketten Swoon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Swoon. Vis alle innlegg

tirsdag 31. mars 2015

Ein fuktig, men ferdig medaljong.

Fokuset har vore bra dei siste dagane, eg hadde bestemt meg for at denne  medaljongen ikkje skulle bli ein ufo. Eg har storkosa meg med kviltinga på denne. Den må seiast å vere improvisert, blitt til undervegs. Her heng han altså, medaljongen, rett frå vaskemaskina.

Modern Medallion Quilt along, I started this one last year, a great and fun project, using scraps, and everything is wonky. Thanks to Angie from Gnome Angel for this great tutorial!










onsdag 25. mars 2015

I SWOON, eg dånar!

Å du store min, no er sengeteppet heilt ferdig! Det har vore ei kjekk "reise", og alt er gjort av meg frå byrjing til slutt. Det er ganske tilfredsstillande, om det ikkje er perfekt!
Eg må få utheve 3 damer som har betydd mykje for meg når det gjeld lappeteknikk, alle amerikanske.
Teppet heiter Swoon (dåne, visstnok), er designa av Camille Roskelley.
Camille er ei utruleg inspirerande dame. Eg har alle bøkene hennar, ein del mønster, og ikkje minst nokre Craftsy-kurs med henne.
Storleiken er 210 cm (83 inch) i kvadrat. Blokkene er 24 inch.
Stoffa er designa av Jennifer Chiaverini. Jennifer var den som inspirerte meg til å sy blokker, til å sy eit kjempefint teppe (Sylvia's Bridal Sampler) for mange år sidan. Ho hadde då ein nett-gruppe, og la ut mønster regelmessig. I den forbindelse kom eg i kontakt med Anne-Ida, som også sydde dette teppet. Seinare var eg med i ei byttegruppe, og dei blokkene ligg framleis og modnar. Jennifer inspirerte meg også til å lese bøker på engelsk, og eg kjøpte heile serien hennar om Elm Creek. Kanskje eg skal angre litt på at eg selde unna heile serien i eit anfall av ryddemani...
Den tredje dama er Leah Day, som ga meg mot til å prøve ut stoppefoten, og som har lært meg utruleg mykje under fjorårets sy-along på nettet. Eg ligg i startgropa til å starte på 2015-alongen, for dette har eg lyst å vidareutvikle. 

Oh my goodness, my swoon is finished at last. I have done it from beginning to the end myself, and I'm a bit proud of that. Go to the links above, here you may read about my great inspirators! Camille Roskelley who has designed this fabulous pattern is #1. 
Block size: 24 inches, Quilt size: 83 inces square. Fabric: Sarah's choice (Jennifer Chiaverini).
Free motion quilted by me, inspirator: Leah Day.



 Eg var utolmodig etter å få bilete, så den lave morgonsola var kanskje ikkje det beste. Eg lyt nok ut att og ta fleire bilete ved eit anna høve.



søndag 1. mars 2015

Litt oppsummering av februar 2015

Då er februar plutseleg over, og vi har gått over i mars. Det har vore vinterferie med vekslande ver, og mars startar med gølseregn her hjå oss. I dag har vi hatt 10 varmegrader. 

Her er litt av det eg har gjort i det siste. Mormor-blokkene blir fine, tykkjer eg. Gleder meg til resten. Swoon-sengeteppet er snart ferdig kvilta. Det er ein del arbeid med custom-kvilting på heimemaskina, og det må takast pauser både tett og ofte, for skuldrane har ein tendens til å bli trekte opp mot øyra.



Bukser til Isak. Den første er frå hentesettet, og den andre er frå Nøstebarnboka, ei bukse til å vekse i, opp til eitt år. 
Så har eg montert og tova dei to tøflene som har lege ferdig strikka i x antal år. Det blei eitt par til Isak, og eitt par til søskenbarnet, Linnea.




To store leseopplevingar i februar!
Sterk kost, men interessant og lærerikt, og ikkje minst aktuelt.


My Swoon quilt is almost finished. Some knitting for my new grandchild, and some very good books!

torsdag 5. februar 2015

Fotoshoot i snøen

Om nokon vil sjå foto av ferdige kviltar, klikk lenkja over, eller her. Her vil eg legge inn foto av ting eg har laga, som eit album for meg sjølv. Førebels ligg der ikkje så mykje.


Foto er ikkje mi sterke side, men her har eg prøvd meg i snøen.
Først ein rullegenser til Isak, restegarn i babyull, mønster i Nøsterbarn-boka. Kjekt mønster. No held eg på med bukse til.


I går viste eg fram det ferdig monterte teppet på lappeklubben. 


Dette teppet ventar no på kvilting. 


Collage av swoon-blokkene i stoff frå Elm Creek, Sarah's Choice av Jennifer Chiaverini.
Dette teppet er nesten ferdig montert. Så ventar kvilting.


søndag 25. januar 2015

Civil War Quilts


Barbara Brackman skriv denne fantastiske bloggen, der ho fokuserer på stoff, blokker og kviltar frå borgarkrigstida i USA.
Dette året har ho ein kvilt-along der ein berre syr Sawtooth Star-blokker. Dette apellerer til meg, sy desse søte blokkene i storleik 6 1/2 inch, der eg bruker restar frå mi rikhaldige repro-samling.
Eg har sydd mange samplerar, dvs. kviltar med forkjellige blokker. Her blir det berre ei blokk, men ein stor variasjon av reprostoff. Denne blokka endrar veldig uttrykk alt etter kvar ein plasserer mørkt og lyst stoff, så her er det berre å leike seg.
Vil du vere med på denne reisa?



Swoon, megablokker på 24 inch, dette er nr. 8, så no har eg berre ei blokk att. Målet er som tidlegare anonnsert å sy saman to toppar i januar, nemleg Swoon og Aurifil BOM.


Aurifiltoppen blei ferdig i går. Liten tvil om at det løner seg å setje seg mål!


Some Sawtooth Star-blocks from Barbara Brackman's quilt along, which I started today. Only scraps here, what a joy!
Only one Swoon block left.
And yesterday, the Aurifil top was done. Fabric: Ruby, by Bonnie and Camille.

mandag 21. april 2014

Simplify

This is the April block of the Aurofil BOM.

Four months - four blocks

Swoon #7

Simplify is on my schedule. Tidying, selling, throwing .... To have more space, more survey.

"Quilteutstyr, stoffer, mønster, selges, byttes, kjøpes" er namnet på ei facebook-gruppe eg er med i. Der legg eg ut ting eg vil selge. Eg har behov for å få betre orden og oversikt, gjere syrommet enklare.
Denne ubrukte kvilteramma er eitt av produkta.


Sjå kor ryddig bokhylla er blitt. Dei bøkene som ligg i korga, skal ikkje i hylla meir. Dei har eg lese og brukt og er ferdig med.

Stoff og pågåande prosjekt er kome i plastkasser.
Dette er litt av det eg har styra med i påska. 



tirsdag 18. mars 2014

Swoon pattern give away.


Give away!

I'm almost done with this quilt. Do you want my pattern?
If you help me with followers on my new blog, you'll be in the drawing.

Be a follower, make a blog post about the giveaway.
Drawing on March 31th.
Thank you!

Six blocks done, three more to go. Still fun...






Har du lyst å vere med i trekkinga av mønsteret mitt til Swoon, kan du bli med på give away.
Legg meg til som følgjar og lag ein bloggpost om dette.
Eg trekkjer 31. mars.

søndag 9. mars 2014

Welcome to my new blog!

Due to network issues I have lost my hotmail account, and this has made blogging from Lappetausa difficult. 
You can still read my old blog here.
I hope you will join me here at Lappetausa2. I will proclaim a give away soon for followers, so stay tuned!


Traudalen with Tinka, March 2014.


Some Swoon blocks in Elm Creek fabrics.


Modern movement magazin. Have to use my socalled modern fabrics while they still are interesting to me...

Aurifil BOM. Here I use a layer cake from Camille Roskelly.

Velkomne til den nye bloggen!
Denne tvinga seg fram ved at eg har fått hackeangrep på hotmailen min, og den er blitt sperra. Dette utløyser eit skred av problem med andre grupper eg har på nettet, så ikkje ver overraska om eg er kjempe-frustrert, og får mest lyst til å logge meg av dataverda...
Håpar lesarane blir med meg vidare. No har eg blogga i 7 år, og har publisert over 600 innlegg på Lappetausa. I tillegg administrerer eg bloggen til kvilteklubben. Må vel til med ny blogg der og...

Det kjem snart ein give away for dei som følgjer den nye bloggen, så følg med!