Viser innlegg med etiketten blocks.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blocks.. Vis alle innlegg

søndag 23. april 2017

Leftovers and lazy stitching...

Perhaps you didn't know Kathy, but I have had this 
Life is beautiful in my closet for several years! I started the stitching coming back from hospital with severe illness, and my friend Hanne Schneider ordered the pattern for me from Quiltefryd in Tønsberg. I love the lazy stitching, and I feel that my stitching has improved along the way. So why isn't it finished? Well, that's another question. For the time being this is my travel along and tv project, and there are just a few blocks left to stitch. Thanks, Kathy, for the weekly reminder and inspiration!

Denne helga har vore ganske uvårleg! Faktisk har snøbygene stått i kø, noko vi slett ikkje likar. Men ein må ta det som kjem...
Eg har leita fram Love is Beautiful, eit skikkeleg saktegåande prosjekt. No kosar eg meg med saum til tv og når eg er ute og fer. Sjekk bloggen til Kathy, ho inspirerer og driv vidare framover.

Eg har sydd nokre venskapsstjerneblokker i forskjellige storleikar, og kjem tilbake med tips/tutorial ein av dagane. Det ligg att mykje restar etter dei to siste store prosjekta mine. Så stikk innom bloggen seinare i veka.





I try to figure out what to do with all the scraps from my two last projects...
This weekend I have made some Friendship stars, and I plan making a small tutorial in Norwegian in another blog post in the days to come.


søndag 26. februar 2017

Blog anniversary!

This date 10 years ago I made my first blog post. So much has happened these years with regards to pleasure and sorrow and challenges healthwise. But blogging has been a joy for me, I have learned so much and also got to know many nice people with the same interests as me. I'm indeed grateful!

Now the mystery quilt top is nearly done, I "only" have to make a border (pictures further down). 

Link to Kathy's Quilt.


 26.02.07 laga eg mitt første blogginnlegg, altså er det 10 år sidan i dag! Det har vore mange gleder, sorger og utfordringar desse åra. Det å blogge har gjort mykje positivt for meg, då det har bidrege til meir fokus på lappeteknikk, og eit relativt stort kontaktnett.  Det er mange som kuttar ut bloggane sine no, kanskje fordi det er for tungvint i høve til Instagram. Eg vil halde fram med å blogge eit par gonger i månaden, om ikkje anna for min eigen del. Eg har eit bra knippe med bloggar som eg les med stor glede jamnleg, og eg prøver å legge inn kommentarar.


No er toppen på mysteriet nesten ferdig, det står "berre" att ei bord. 


Denne linjalen kjøpte eg direkte frå Bonnie Hunter på Quiltville. Det er litt av eit funn!



En Province har veldig mange hour-glass-blokker, og dei kan vere tidkrevande å få nøyaktige. Men her tek ein utgangspunkt i 2" striper, 4 stykker, 2 og 2 mot kvarandre, og for kvart kutt blir det til heile blokka. Ingen reinskjering anna enn å klippe av dog-øyra!
Eg fekk ikkje linjalen før eg var ferdig med sjølve teppet, men skal bruke dei i ramma rundt. Då må eg lage m a n g e....





Denne veka har det vore vinterferie. Det har vore mykje sosialt og kjekt. I dag har Rygg songlag vore på sjukeheimen med fastelavnsbollar, korsong og allsong. Det er alltid kjekt å glede dei gamle!