Viser innlegg med etiketten UFO. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten UFO. Vis alle innlegg

søndag 6. januar 2019

New year's plans....



Link to ScrapHappy Saturday.
Link to Oh Scrap
Link to Bambisyr, visa och beretta

Some finishes from last year, some ufos to be working on this year, some challenges!



Eg har gått gjennom fjorårets "større" finishar, nokre av dei var ufoar etter mønster (nr. 1 og 3), og
dei 2 andre var såkalla scrapquilts, utan mønster.












Ved eit årsskifte vert det publisert mange forskjellige ufo-utfordringar og andre sy-utfordringar, både på facebook og på bloggar.

Eg er forsiktig med å "binde" meg til slike ting, vil stå mest mogeleg fritt og vere kreativ etter innfallsmetoden, men det er ikkje til å stikke under ein stol at det hadde vore stas å få ferdig nokre av tinga som ligg på vent.

Her er nokre prosjekt som skal få merksemd no i starten av året:

Chick Country frå Sew Kind of Wonderful


Row by Row frå Jeanette White & Erin Hamilton



Gratismønster frå Peggy, mug rugs til jul...


Stjerneløpar frå AnnaKa

 Summer Sampler 2018 frå Freshly Pieced



Julvanten, samstrikk på facebook, frå Jærbo



Eg har også lyst å vere med på "farge-utfordringa" Rainbow Challenge, då eg likar godt å bruke opp restar. Klikkbar link i høgre marg.
SoScrappy

Eg likar veldig godt å lære nye ting, og derfor har eg meldt meg på Mrs Moen sine utfordringar, eg prøver i første omgong 6 md. Nina Lise Moen lagar utruleg fine og gode videoar, og dette blir "småprosjekt" på si. Morosamt! Sjekk det ut på Facebook om nokon vil henge seg på her.

Nina Lise Moen sitt bilete.


mandag 21. mai 2018

Another finish, a UFO, flowers and birds.

Another quilt is finished, Svennebrevet, a BOM from Lappemakeriet (2011). 


23. mai 2011 laga eg det første innlegget om Svennebrevet på gamlebloggen  min (blogginnlegg nr. 500). 
I dag 21. mai 2018 blei prosjektet fullført. 7 år, det er utruleg!
Toppen har lege ferdig i fleire år, men likevel... Uansett, no er prosjektet i hamn, med deilig lun fleece på baksida. Det skal vere slumreteppe. 

Lappemakeriet har hatt mange fine månadsblokker. Eg har laga nokre av dei. Eg diggar stoffa dei plukkar ut, ei blanding av repro og nyare stoff. 

Eg har lagt ut eitt prosjekt for sal, husteppet, men sidan ingen vil kjøpe det til redusert pris, trur eg at eg likevel bestemmer meg for å sy det sjølv.








Sommarblomster er komt i krukker. Rekordtidleg for min del, men vi har hatt stabilt sommarver i fleire veker no, så det kan ikkje vere så mykje å vente med.



Fuglane er framleis på besøk for å få mat. No er blada kome på trea, så det blir eit anna uttrykk i bileta. Berre vanlege fuglar denne gongen. Fine er dei. Og framleis kan vi nyte fuglesongen om kvelden og tidleg på morgonkvisten.





mandag 12. mars 2018

Bag making!


Some bag making this weekend. A ufo and a no-ufo. The last big bag is not new, and here it is filled up with quilts for show and tell. The bag was a kit from the Norwegian designer Liv Aagot Syse, some years ago.

No i helga har eg sydd ferdig to vesker. Den øverste er kanskje ikkje heilt ferdig. Eg hadde for lite hankewebbing i same farge, og trur nok at eg kjem til å skifte ut eine hanken når eg får tak i meir... Dette skulle i utgangspunktet bli ein løpar frå eit kurs for fleire år sidan. No tykte eg det passa meir til eit vårleg nett. Bakgrunnsstoffet er lin. 

Den neste veska er den såkalla Veskekurven. Eg blei faktisk veldig fornøgd med denne! Men neste gong eg syr veskekorga, kjem eg til å forlenge den litt og kanskje tilpasse breidda ved hankane til hankane...

Den nederste digre veska var ein kit eg kjøpte frå Liv Aagot Syse for fleire år sidan. Denne er ikkje ny. Eg fekk litt sjokk då eg sydde den, for eg tykte den var megastor..., men du verden kor praktisk den er, ikkje til dagleg bruk, men til dømes når ein skal ha med mykje på vis og fortel i klubben!