onsdag 12. desember 2018

Snart jul!



Det er 12. desember i dag. Eg starta fri-onsdagen med spinning som vanleg. Sidan blei det litt tid på syrommet, der eg nesten ikkje har vore dei siste månadene. 
Eg er komt halvvegs i adventskalenderen eg fekk med yngstejenta. Det er min aller første adventskalender, så overraskinga var stor! Vi har ikkje akkurat hatt store tradisjonar med slikt her i heimen. 
Temaet i kalenderen er stretchy stoff. Det passar veldig godt no som eg har skaffa meg overlock. 




Eg har sydd 4 små sagtagg-stjerner i dag. Her er dei lagde ut på den vesle designertavla eg kjøpte på Made By Me- messa i haust.


For eit par laurdagar sidan var Hilde og eg på Tore-garden i Leivdalen i Eid. Sølvi har gjort ein fantastisk jobb med låven. Ho var nøgd med å få opna til julehandelen tok til.





I det vesle raude huset ved sidan av er der eit lite "help yourself" mat/drikke-utsal. 


Isak får prøve seg på nyekjøkkenet. Framleis er der småting som ikkje er heilt ferdig. Kjøkkenet er funksjonelt og godt, og eg er begynt å forstå den nye elektronikken på komfyren... 


Noah er ein liten røvar på snart 10 md. Han veit svært godt at trappa vår er forbode, og har den farta mot den... Heime har dei enn så lenge ikkje slik trapp. 


Denne her er jo humoristisk og fin, men med eit visst alvor!


Desembermøtet i Gloppen Lappe- og Quilteklubb var samtidig 20 års jubileumsfest for klubben. 
Eg lagar eit blogginnlegg på heimesida vår.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!