mandag 31. desember 2018

Happy New Year!

Det er siste dagen dette året 2018. Det har vore eit år på mykje godt, og ein del vondt, akkurat slik som livet er!
I dag er det mørkt og ekstremt vått ute. 

Link til Bambisyr!
Eg har teke opp att halskanten på denne genseren, og strikka han "høg". Trur eg skal bli enda meir fornøgd med han no. Mayalove strikka i Air frå Drops.


 Dette Dotted Rays-sjalet av Stephen West har lege lenge nesten ferdig, då eg slapp opp for garn. Eg brukte ein del energi på å kome inn att i mønsteret, men det gjekk. Sjalet skal vaskast og blokkast lett.  Garnet heiter Emozione frå Mondial.




 Nokre av julegåvene eg ga vekk. Det blei altfor lita tid til syaktivitetar før jul, så mange av gåvene ligg der halvferdige...



Sorbet-bluse i Tilia frå Filcolana, blei ferdig 1. juledag. 
Eg måtte nemleg ta opp att ermekanten, då den var for stram. Genseren er strikka ovanfrå og ned, og då kan avslutningskanten vere ei utfordring å få passe.



Denne hausten har eg greidd å legge om kosten og kome ned på normal BMI, med alle dei helsefordelane det medfører. 
Eg anbefaler nok ein gong å lese Irina Lee si bok "Spis deg fri", fri frå matmas, cravings, søthunger mm, basert på amerikansk hjerneforsking. Ein et alt, unnateke mjøl og sukker. Eg vonar at vanane etter kvart blir så automatiserte at dei kan bli varige. 


Det aller beste året hadde å by på, var barnebarn nr. 3, som kom på kongens bursdag i februar! Til saman er dette eit trekløver som lyser opp tilveret!

 Godt nytt år!

3 kommentarer:

  1. Så flotte strikkeplagg og julegaver. Lunsjbrikker / mugrugs er kjekke gaver både å gi og å få. Jeg kommer aldri i gang med julegaver, og når julen nærmer seg blir det ikke tid. Så flink du er som har lagt om kostholdet. Jeg blir så imponert over de som klarer det, for jeg vet det er vanskelig. Takk for all inspirasjon du deler. Godt Nytt År! :-)

    SvarSlett
  2. Søte barnebarn og flotte gensere og sjal. Likte den øverste veldig godt fint mønster på den. Og artig å gi selvsydde julegaver. Kosthold er vanskelig å legge om så det står det stor respekt av. Ha et godt nytt år ✨

    SvarSlett
  3. Godt nytt år!
    Og for nokre skjønne gutar!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!