This has been the most wonderful weekend! The weather has been wonderful, although the air is rather cold. I have been to an annual regional gathering together with my niece, Hilde, and other quilting friends. Guess who won the main prize in the lottery?
Dette har vore ei draumehelg når det gjeld veret og innhaldet elles. Nydeleg ver med sol frå klar himmel, men kald luft og frost om natta. Eg har jobba og rydde litt i hagen, fått god mosjon med det, og så har eg kosa meg litt på syrommet. Det skriv eg meir om ein annan dag.
I dag har vi vore på regionstreff i Førde. Trine og Anne Kjersti frå Lappemakeriet var der, og Trine heldt eit supert foredrag. Eg er så inspirert...
Til slutt vann eg hovudgevinsten, som ei frå klubben kom med i kveld, då vi ikkje var der heilt til slutt. Det er husblokkene frå Lappemakeriet, sydd av klubben i Førde, og kvilta av Merethe Ellingsen i Baptist Fan. Snakk om å vere heldig!!
Ironisk nok har eg heile BOM'en liggande heime, og eg er ikkje begynt på det enda. Det står seg godt. Slike ting går ikkje av moten!
Meir frå utstillinga ein annan dag.
Link to Slow Sunday Stitching.