A new runner for spring, Norwegian pattern.
Eg har sydd ein vårløpar, mønster kjøpt på Fantasi. Eg er ikkje så glad i å applikere, men når ein får tak i skikkeleg papir, går det lettare...
FANTASI AVD. NORDFJORDEID
Denne veka opna Inger Karin Grov sin andre Fantasi-butikk. Eg er så stolt av henne, nabojenta som eg hadde som elev på Rygg skule i si tid! Ho og ektemannen Ronny Husevåg (Ronny Rør) har skapt fleire arbeidsplassar, og det står det respekt av i desse tider. Vi er heldige som har slike nisjebutikkar i nærleiken!
På biletet er Inger Karin til venstre, og til høgre er Aslaug Alsaker, butikkmedarbeidar, no tilsett på Eid-avdelinga. Aslaug er absolutt rett dame på rett plass, masse erfaring og skikkeleg serviceminded.
GRATULERER OG LUKKE TIL!
Fantasi har og ein innhaldsrik nettbutikk, Hobbyugla.

