Denne hausten har vore spesiell på mange måtar.
Eg startar med eit bilete av Rygg songlag, som feira 13-årsjubileum som damekor i oktober. Sjølv er eg ikkje med på bildet, for akkurat den øvingshelga var eg i Oslo med mine to nieser på Made by me-messa.
Jubileumsfesten vart ein suksess, så no er vi klare for tenåringsepoken..
I oktober gjekk svigerfar bort. Det var vondt og godt på same tid. Eit strevsamt og langt liv var til ende. Takksemd er ordet vi sit att med!
Made by me på Lillestrøm
Mange kjende butikkar var representerte.
Foredrag og boklanseringar
Stine Burre. Vi traff henne først på den flotte garnbutikken på Storo-senteret, Nøstet mitt, og neste dag var ho på jobb på messa. Eit inspirerande bekjentskap. Sjekk insta bareburre.
Egon, skålar i vatn.
Det har blitt litt strikking, her er Maya-genseren i Air. Eg er kjempefornøgd med den!
Her heng han på kjøkkenet. Vi har investert i ny kjøkkenkrok, men er framleis ikkje heilt i mål. Det er litt av eit løft å skifte kjøkken, mykje rot, og matlaging i boda. Men resultatet blir veldig bra! Huset vårt blei bygt i 1983, med påbygg i 2004. Kjøkkenet har vore det same heile tida, og har vore overmoge for utskifting lenge.
Noko som har teke mykje fokus sidan starten av september, er Spis deg fri. Her er bilete av Irina Lee, som er omsetjar av den amerikanske boka Bright Line Eating av Susan Peirse Thompson. Susan, tidlegare stoff- og matavhengig, er høgt respektert professor, og har utvikla eit konsept basert på eiga hjerneforsking.








