Viser innlegg med etiketten Gloppen Lappe- og Quilteklubb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gloppen Lappe- og Quilteklubb. Vis alle innlegg

lørdag 11. mai 2019

Cow Abstraction



Cow Abstraction frå designar Violet Craft er ferdig sydd. No manglar berre opphengskant og vaskesetel på baksida...
Dette var verkeleg eit morosamt prosjekt. Eg ville ikkje kvi meg på å sy fleire, om eg ikkje har så veldig mange prosjekt både i tankane og reint fysisk.....
Problemet er å finne ein høveleg stad å henge det opp. Som ein skjønar, syr eg ikkje til ein bestemt vegg o.l., eg lagar det eg har lyst til å lage....

Her er ein video der Violet forklarer foundation paper piecing!



Mønsterstrikka lester i herleg garn frå Rauma. 2tråda Gammelserie, stivt og godt å strikke av (slik eg likar det), og mjukt og herleg når det er vaska.


Litt førebuing til avslutningsfesten i lappeklubben. Eg er i styret igjen, og hadde saman med Inger laga ein aktivitet som vi kalla Frem fra glemselen, handsying på strek, eller på amerikansk, altså ikkje over papp. Ypperleg sommar-aktivitet i båt eller på hytte...



 Dagros kom i sitt rette element dagen etter at ho var ferdig. I Langedalen møter ein framleis på kyr om sommaren.


Fleire bilete frå Langedalen her.

 Elin Torvik Grov sitt bilete.

Vi hengde opp nokre eldre teppe. Det er veldig kjekt å lufte teppa sine av og til, og studere dei på avstand. Det er mykje handsaum i desse to produkta.



Dette teppet er eg spesielt glad i. Det var mi sveineprøve når det gjeld intrikat patchwork. Teppet blei sydd over nokre år, og var ferdig i 08 trur eg. 
Om ein trykkjer på lenka over, kjem ein til alle innlegga eg hadde undervegs, dette på gamlebloggen min. Når eg no ser på blokkene, får eg faktisk lyst til å sy fleire av dei på nytt. Eg har jo fått uendeleg mykje meir kunnskap enn eg hadde den gongen. 
Dette markerte og starten på mange nye vennskap over nettet, og mykje kommunikasjon, særleg i USA. Og Anne Ida i Oslo...og det var starten på karrieren som BLOGGAR...

Og det var før ein brukte så mykje pengar på nye stoff, ikkje minst....


Og her er den oppvaksande slekt...Gullgut i heimestrikka vest, og med mormor sin mobil...


søndag 26. august 2018

End of August, long blogpost!

Har du høyrt om Stephen West? Eg fekk augene opp for han då eg var på den flotte garnbutikken Sommerfuglen i København for eit par år sidan. For tida held eg på med Dotted Rays, som han viser fram her. Eg vonar å vise fram eit bilete neste gong eg bloggar :))

Working on this shawl, a few long rows a day...

Her er mønsteret.

Tidlegare har eg strikka Vertice Unite.



Gloppen Lappe- og Quilteklubb har hatt jubileumsutstilling i helga. 
Her er mine produkt på utstillinga denne gongen.
Les meir her.





Opera på Sølvane gard i Kandalen.

Ei utruleg oppleving inne i låven, med regnet trommande uavbrutt på låvetaket. 




Tur innom Kathrines Quiltestue er alltid inspirerande. 

Her finn ein mykje materiell frå m.a. By Annie, som eg har leita etter. Ho har også mykje kork-materiale og store mengder stoff av Carolyn Friedlander. Dette er no berre eit lite hint om smågodt som eg tok med meg heim.




Roger Waters kom til Telenor Arena i midten av august. 

Sist vi var på konsert med han var for 5 år sidan. Hubby er trugen tilhengjar, og var på ein legendarisk konsert med Pink Floyd på Valle Hovin i 1988, 30 år sidan! Også dengong var the pig med... Her er link til Charade, der ein viss president får gjennomgå! Utruleg å tenkje på at han turnerte i USA i fjor med dette materialet. Han har ikkje noko å tape, den gode Roger Waters, 74 år. Eit fantastisk engasjerande show. Ein kan finne heile konserten på youtube.  Her er det ivrig diskusjon i pausen! Eg er også imponert over logistikken på Telenor Arena. Og over 90 kr for 4 dl Ringnes gjer jo at ein ikkje sløkkjer tørsten i utrengsmål. Men at shuttlebussane har lov til å knekke inn folk og køyre i den farten til og frå, er eit mysterium for meg...




Pigs rule the world, f.... the pigs!

 Remain human!