lørdag 11. mai 2019

Cow Abstraction



Cow Abstraction frå designar Violet Craft er ferdig sydd. No manglar berre opphengskant og vaskesetel på baksida...
Dette var verkeleg eit morosamt prosjekt. Eg ville ikkje kvi meg på å sy fleire, om eg ikkje har så veldig mange prosjekt både i tankane og reint fysisk.....
Problemet er å finne ein høveleg stad å henge det opp. Som ein skjønar, syr eg ikkje til ein bestemt vegg o.l., eg lagar det eg har lyst til å lage....

Her er ein video der Violet forklarer foundation paper piecing!



Mønsterstrikka lester i herleg garn frå Rauma. 2tråda Gammelserie, stivt og godt å strikke av (slik eg likar det), og mjukt og herleg når det er vaska.


Litt førebuing til avslutningsfesten i lappeklubben. Eg er i styret igjen, og hadde saman med Inger laga ein aktivitet som vi kalla Frem fra glemselen, handsying på strek, eller på amerikansk, altså ikkje over papp. Ypperleg sommar-aktivitet i båt eller på hytte...



 Dagros kom i sitt rette element dagen etter at ho var ferdig. I Langedalen møter ein framleis på kyr om sommaren.


Fleire bilete frå Langedalen her.

 Elin Torvik Grov sitt bilete.

Vi hengde opp nokre eldre teppe. Det er veldig kjekt å lufte teppa sine av og til, og studere dei på avstand. Det er mykje handsaum i desse to produkta.



Dette teppet er eg spesielt glad i. Det var mi sveineprøve når det gjeld intrikat patchwork. Teppet blei sydd over nokre år, og var ferdig i 08 trur eg. 
Om ein trykkjer på lenka over, kjem ein til alle innlegga eg hadde undervegs, dette på gamlebloggen min. Når eg no ser på blokkene, får eg faktisk lyst til å sy fleire av dei på nytt. Eg har jo fått uendeleg mykje meir kunnskap enn eg hadde den gongen. 
Dette markerte og starten på mange nye vennskap over nettet, og mykje kommunikasjon, særleg i USA. Og Anne Ida i Oslo...og det var starten på karrieren som BLOGGAR...

Og det var før ein brukte så mykje pengar på nye stoff, ikkje minst....


Og her er den oppvaksande slekt...Gullgut i heimestrikka vest, og med mormor sin mobil...


2 kommentarer:

  1. Kua di er så flott, og du finner helt sikkert en vegg å henge den på. Nydelige de andre to quiltene dine også. Og ikkje minst den flotte vesle gutten, et lite sjarmtroll! Ja, men internett og blogging får en venner ver hele verden. Veldig gøy, og det er bra at det fortsatt er noen bloggere igjen. :-)

    SvarSlett
  2. Fantastisk Cow Abstraktion ... takk for Link til Violet Craft. Veldig interessante motiver. Veldig bra er blitt din. Jeg liker.
    Fantastiske de andre også, spesielt den store med de mange mønstrene. Jeg er imponert. Takk for presentasjon.
    Sød gutten. Hilsen til deg. Jeg er veldig glad for å ha sett. Viola

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!