søndag 31. januar 2016

Rainbow colours!

 Here are some photos of what I have been working on lately. Confetti star is not as easy as it looks!!
The star in the snow is from Sarah Fielke's book (link under). And the plus runner is from a sew together on Insta and Face.
Bright colours are great now when we have so much weather around here!


Etter nokre ferdige ufoar har eg i januar jobba ein del med å lære meg nye ting, og deriblant sying på papir. Dette har eg drive mykje med tidlegare, særleg på Civil War-blokkene, men eg har aldri gått systematisk til verks for å lære det. No studerer eg nokre leksjonar på Craftsy, og der er mykje å lære.

Her er Cofetti star block, som ein finn gratismønster på her. Det er ganske så hot med friske fargar og low volume no, og det er utruleg kva det gjer med humøret på mørkaste vinteren med gladfargar. Eg er hekta på lågvolum-stoff, det er så massse fint der ute.......

Stjerna i snøen er no heilt ferdig. Det var så moro å kvilte den! Denne er som før nemnt frå Sarah Fielke si bok, Little Quilts.

Pluss-løparen er også heilt ferdig. Dette er eit samsyprosjekt på Instagram og Facebook. Eg får ikkje fram kviltinga på denne, diverre, men kosa meg her og med forskjellige typar design.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!