fredag 1. januar 2016

2016 - Happy New Year!

Happy New Year, near and far! 

Godt nytt år til nære og fjerne! 
Året 2015 var eit godt år for oss. Det starta med barnebarn nr. 2, som kom til verda 2. januar.
I løpet av året hadde eg berre gode tilbakemeldingar på prøvene eg tok, noko eg er svært takknemleg for. Eg har jobba i halv stilling, og har meistra det godt, sjølv om eg ikkje har den kapasiteten eg hadde før sjukdomen. I juni runda eg 60 år, og det blei feira over 3 dagar, fordi eg følte behov for det etter det eg har vore gjennom. Det blei minnerik feiring med mykje folk på besøk.
Barnebarn nr. 1 begynte på skulen i august. Alle har stort sett fått vere friske. 
Så håpar og bed vi om eit godt 2016!

Nokre av produkta frå 2015.



Mormor med gromgutane, nyttårsafta 2015. 


 På arbeidsbordet 1. januar 2016. Gamle blokker, kva kan det bli til?


Denne gåva fekk vi frå yngstedottera til jul. Eigensmidd frå botnen av. Kan brukast til å stable vinflasker. Veldig flott arbeid!

Litt om året som kjem:


Her er link til årets gratis BOM frå Craftsy.
Dette året er det ein medallion quilt. Eg vil anbefale å gå inn på Craftsy og sjekke ut. Der ligg gratis BOM'ar frå fleire år tilbake. Det er dei beste av dei beste som underviser.

Leah Day har også ein ny BOM (ikkje gratis) med facebookgruppe. 
Eg var med i første runde for 2 år sidan. I fjor kjøpte eg mønsteret, og er så vidt begynt. 
Dette året kjøper ein månad for månad, så då er det ok å kjøpe det ein vil. Eg har fått 1. blokka, og tenkjer å bruke det til pute el.l. 

Eg er stadig på leit etter ny kunnskap, og surfar rundt etter inspirasjon. 

Nyttårsforsett? Er det noko hjelp i då?  Eg er slutta med det for lenge sidan.
Men
når det gjeld hobbyen min, lappeteknikk, så kan det vere greitt å ha ein plan. Men hobbyen skal vere lystprega, så difor må der vere rom for spontanitet! 
Eg likar å sy med scraps, likar å prøve ut nye ting (som ikkje alltid resulterer i eit ferdig produkt...), eg likar veldig godt å kvilte (men ikkje førebuinga til det...), eg er glad i å sy blokker osb.......

UFOAR 

Eg skal gå gjennom dei større teppa som ligg ferdige til kvilting, og dei større teppa som ikkje er heilt ferdige til kvilting. Målet er å få alle dei ferdige i løpet av året. Det kan godt hende at toppane ikkje blir slik som mønsteret vil (der det er mønster), men at eg "gjer dei til mine eigne", fullfører dei på min måte (delvis for å bli fortare ferdig, men alt er lov!)
Eit par av desse prosjekta kan kallast WISPs (work in slow process), dvs. dei har vore jobba med i løpet av det siste halve året, dei andre har lege i fleire år, altså ekte ufoar. 
I tillegg har eg x antal blokker frå x antal bytter på netttet. Kva sorterer dei under? Uansett så tek ikkje dei opp så mykje plass, og dei opptek ikkje så mykje stoff som skal brukast i nettopp det eine prosjektet. 
Hanne hjelper til med å inspirere med dette arbeidet  gjennom ei facebookgruppe.

4 kommentarer:

  1. Godt nytt år!
    Det er nokre skikkelege gromgutar du har!
    Artig gåve frå ho som skor hestar!

    SvarSlett
  2. Godt nytår, kære Elin. Jeg skal nok snart se at få skrevet til dig :-).
    Du er så flittig med dine ufoer. Jeg håber, at jeg kommer lidt i gang i år med at få syet og strikket lidt færdigt. Det ville være skønt.
    Dejlige fotos af dine skønne børnebørn og familien.

    SvarSlett
  3. Godt nytt år! Du er så flink og lager så mye fint, og tenk å ha en plan over hva du skal sy og være med på. Vi er heldige som har internett med all inspirasjon og kunnskap vi kan finne der. Herlig bilde av deg og barnebarna. :-)

    SvarSlett
  4. Gleder meg på dine vegne, og håper 2016 blir et flott år med masse barnebarnkos og kreative stunder :-)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!