onsdag 30. desember 2015

Small ufos finished.

I have spent some time in the sewing room lately. Yesterday four small ufos were finished. What a satisfaction. 
Winding Ways, test block, hand quilted, running stitches and cross stitches, perle cotton. This is a Christmas wall hanging or cloth for the table. 
OBS: The red fabric har been running to the linen, do I have to redo? Not this year, anyway.
Picture #7 is a table cloth, with repro fabric, and blocks swapped from the yahoo group Traditional Scandinavian Quilter. I love the blocks, but I have decided to redo this one, the quilting is so poorly done, and the frame is too big.  Wait for a new one!

I romjula har eg rydda syrommet, og funne att nesten alt eg ikkje fann før jul... Framleis er det eit par linjalar som er på avveie, men dei dukkar vel opp. Så har eg gjort ferdig 4 mindre ufoar. Den første, Winding Ways, testblokker, blei til slutt til eit veggoppheng eller ein liten duk til jul. Eg har kvilta med perle cotton med tråklesting og korssting. Det som stod att i går, var lukkekant og vask. Men så var det dette raude stoffet, at eg aldri lærer. Det farga av på linen. Det er ikkje så framtredande at eg treng gjere noko med det, men irriterande likevel.




Desse blokkene blei sydde for minst 2 år sidan, sydd saman, vrangsydd, litt kvilta, så det var eigentleg berre å sy att vrengeopninga. Men så fann eg ut at det måtte meir kvilting til. Så her blei det frihandskvilting i stor stil i går. 


Denne vesle duken er sydd for hand, i stoff frå Lappemakeriet, typisk Trinestoff, som eg hadde att etter roseteppet eg sydde som BOM derifrå for lenge sidan. Her stod det att ca. 2 kantar som skulle faldast inn og syast for hand.  Er det ikkje utruleg at slikt skal bli liggande og liggande?


Siste ufoen etter langhelgkurs med Hanne for mange år sidan. Også her bestemte eg meg for frihandskvilting, og duken fekk eit mykje kjekkare uttrykk, etter midtt syn.


Kor mange blokkbyte eg har vore med på dei siste 10 åra, har eg faktisk ikkje tal på. Eg har mange plastposar med blokker. Nokre som eg set ekstra stor pris på, er desse Puss in the Corner-blokkene i reprostoff frå Tradisjonelle Skandinaviske Quiltere. Men det er heilt forferdeleg kor stygt eg har kvilta, og ramma rundt er altfor vid. Nei, denne skal sprettast opp og gjerast på nytt. No er duken nyvaska og klar til sprettings!


Dette biletet er ein plakat laga av eidakunstnaren Finn Egil Eide, laga til ein opera for mange år sidan. Dette biletet heng i gangen. Eg tykkjer det er så fint!


2 kommentarer:

  1. Du har verkeleg fått fart på deg med nyrydda syrom. Eg held på å rydde og, men er ikkje komen veldig langt. Har i alle fall lagt planar for neste år. Tusen takk for nydeleg og overraskande romjulsgåve i posten i dag. Ein skikkeleg kjekk stopp i ryddinga blei det.

    SvarSlett
  2. Deilig med opprydding på syrommet! Flotte ting du har ferdigstilt også :-) Ønsker deg et riktig Godt Nyttår!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!