torsdag 17. september 2015

Jen Kingwell and Kathrine

Yesterday was The day! Class with Jen Kingwell in Oslo, hosted by Kathrines Quiltestue.
Enjoy the photos!

(Also visit May Britt's blog for better photos and text in English)

Kathrine har gjort det igjen! Denne veka arrangerer ho kurs med den australske designaren Jen Kingwell, ei av dei hottaste damene i kvilteverda akkurat no. Jen er ei skjønn dame, så audmjuk og talentfull. Ho har laga sin første stoffkolleksjon Gardenvale, ein kolleksjon som skil seg ut frå mykje av det som blir laga no for tida. 
Eg fekk vere med på onsdagskurset, som var Daisydo, handsaum på strek, bua linjer mm. Dette er teppet som frontar boka hennar Quilt Lovely.
Mange kjenner til Smitten, og det er designa av dottera hennar Lucy.

Nedanfor er eit knippe bilete både frå kursdagen og frå inspirasjonskvelden på Voksen kirke. Dei fleste teppa her er sydde av Jen, men vi var nokre som også hadde med våre teppe. 
Eg hadde med teppet mitt My small world, og det vekte begeistring. Eg traff ei kjekke dame, Kristine,  som eg faktisk har kommunisert med på Instagram, som også held på med dette. Elles veit eg ikkje om nokon her i landet som har sydd det. Så eg er lite vetta stolt!
Eg traff så mange kjekke folk som eg er blitt kjend med via blogg, facebook og instagram. Dette er veldig inspirerande!!
Og det mangla ikkje på god mat og drikke, det var fantastisk lunchbuffet, kaffi og kaker. Kathrine og damene på butikken stod verkeleg på. For ein herleg gjeng, for eit team!
Bileta er tekne med mobil under ikkje altfor gode lysforhold. Dessutan sat eg så nær at eg fekk ikkje skikkelege oversiktsbilete. Men det er artig å sjå detaljane og.
Enjoy!








Marianne frå Karma Quilt har laga dette fantastiske teppet.

Dama i midten er Jen, og til høgre er Rebekkaei utruleg dyktig og kjekk jente. Ho hadde sydd mange flotte teppe.


















Godkjent:))

8 kommentarer:

  1. Koselig å treffe deg igjen. Det var en flott dag på Voksen. Masse inspirasjon.

    SvarSlett
  2. Koselig å treffe deg igjen. Det var en flott dag på Voksen. Masse inspirasjon.

    SvarSlett
  3. Her var det mykje snop, og eg må kome tilbake i morgon. Og teppet ditt er berre heilt fantastisk, så du har verkeleg grunn til å vere stolt. Vil no gjerne sjå det "på ordentleg". På Eid kanskje?

    SvarSlett
  4. how wonderful you got to attend jen's workshop.........she has so many beautiful quilts...........

    SvarSlett
  5. Iih, hvor må du/I have haft et dejligt kursus :-)).
    God weekend, kære Elin.

    SvarSlett
  6. Du så flott! Og det er veldig kjekt og inspirerande å få gå på kurs med dei som verkeleg kan gje oss innputt. Nydelege teppe. Takk for titten. Og takk for at eg fann bloggen din! Her var mykje fint. Så no følgjer eg deg vidare;)

    SvarSlett
  7. How fun! You are so lucky to see all these wonderful quilts!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!