Viser innlegg med etiketten Jen Kingwell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jen Kingwell. Vis alle innlegg

torsdag 17. september 2015

Jen Kingwell and Kathrine

Yesterday was The day! Class with Jen Kingwell in Oslo, hosted by Kathrines Quiltestue.
Enjoy the photos!

(Also visit May Britt's blog for better photos and text in English)

Kathrine har gjort det igjen! Denne veka arrangerer ho kurs med den australske designaren Jen Kingwell, ei av dei hottaste damene i kvilteverda akkurat no. Jen er ei skjønn dame, så audmjuk og talentfull. Ho har laga sin første stoffkolleksjon Gardenvale, ein kolleksjon som skil seg ut frå mykje av det som blir laga no for tida. 
Eg fekk vere med på onsdagskurset, som var Daisydo, handsaum på strek, bua linjer mm. Dette er teppet som frontar boka hennar Quilt Lovely.
Mange kjenner til Smitten, og det er designa av dottera hennar Lucy.

Nedanfor er eit knippe bilete både frå kursdagen og frå inspirasjonskvelden på Voksen kirke. Dei fleste teppa her er sydde av Jen, men vi var nokre som også hadde med våre teppe. 
Eg hadde med teppet mitt My small world, og det vekte begeistring. Eg traff ei kjekke dame, Kristine,  som eg faktisk har kommunisert med på Instagram, som også held på med dette. Elles veit eg ikkje om nokon her i landet som har sydd det. Så eg er lite vetta stolt!
Eg traff så mange kjekke folk som eg er blitt kjend med via blogg, facebook og instagram. Dette er veldig inspirerande!!
Og det mangla ikkje på god mat og drikke, det var fantastisk lunchbuffet, kaffi og kaker. Kathrine og damene på butikken stod verkeleg på. For ein herleg gjeng, for eit team!
Bileta er tekne med mobil under ikkje altfor gode lysforhold. Dessutan sat eg så nær at eg fekk ikkje skikkelege oversiktsbilete. Men det er artig å sjå detaljane og.
Enjoy!








Marianne frå Karma Quilt har laga dette fantastiske teppet.

Dama i midten er Jen, og til høgre er Rebekka, ei utruleg dyktig og kjekk jente. Ho hadde sydd mange flotte teppe.


















Godkjent:))

søndag 13. september 2015

Two finishes this week.

Two finishes, my very big bag and My small world quilt along. Satisfaction!


Sjølv om eg framleis kviltar litt på byen, så ser eg han som ferdig. Denne kviltinga er berre kjempemorosam!

Veska er også heilt ferdig. Ho er skikkeleg romsleg og god til store kviltar eller strikketøy!





Hagevandring i dag.
Hortensia i gåve frå slektningar. Alldeles nydeleg.



Det er haust, men desse held ut. Dei er blant favorittane mine. Ja, faktisk var dei i brurebuketten i si tid, i lag med kornblomar.



Men stopp, gullkorga skal først bløme til våren...


Konglene på koreagrana er majestetiske.


Framleis liv i humlene. Eg ser på dei kvar dag.


Mykje eller lite rognebær og mykje eller lite snø? Vi får no sjå...


Pensjonisten luftar seg i hagen sin.




Linked to Slow Sunday Stitches and Let's be social.

søndag 6. september 2015

A new bag in the making and some bumblebees...

This weekend has been a lazy one, as I have a bad cold. Some hours have been spent in the sewing room. This is a big bag in the making.

Det har vore ei helg med hard forkjøling og mykje inneliv. Eg er komt godt i gong med denne store veska, som er designa av Liv Aagot.
Peggy.no har materialpakke på tilbod no. Denne veska er veldig grei og enkel å sy.


Den dagen eg skal på kurs med Jen K., skal vi ha handsaum, og lære denne blokka. Det passar meg veldig godt, då eg har prøvd på henne utan å få det til....
Og handkviltinga går sin gong, det er TV-arbeid.


The meeting with Jen K. is approaching fast. I have learned that the lecture I will have is the one from the cover of this book!



Pics from the garden today.

 Bumblebees have a delicious meal!
I'm a friend of these important insects.

Eg er humlevenn, og det var ei glede å sjå korleis desse vakre og nyttige insekta meska seg i bedet i dag.! 







Denne planten er som ein vakker skulptur i denne fasen!



Store, majestetiske og "sjølvgåande" staudar, det likar eg!






Tinka har også hatt luffetur i hagen. Interessant med krøtera i beitet, men ho er forlengst slutta å øse seg opp. Det er både godt og vemodig.





Denne gamle travaren er no til sals. Heilt rustfri!


Ha ei fin veke!