søndag 30. august 2015

Samsy og Søstre for søstre


 Her er eit lite glimt frå Hilde sitt syrom. Her er veldig romsleg og luftig, og her er kjekt å vere!

Gloppen Lappe- og Quilteklubb skal bruke første haustmøtet på å sy toalettvesker til Desiree sin aksjon Søstre for søstre. Det er eit svært godt tiltak! Eg les på AnnaKa sitt mønster, som eg syr etter, at det årleg kjem 2000 kvinner til desse sentra. Det er mest ikkje til å tru!
Les meir om aksjonen her.

Eg har altså tjuvstarta, og er komt godt igong med mappa til onsdagsmøtet.



Max er ein utruleg flott hund. Han blei pappa veldig ung, men no er han slutta med slike sprell...



Eg måtte fotografere litt rundt i denne heimen og. Dette vesle teppet fekk Hilde med meg for mange år sidan. Reprostoff.


 Vinterhage er idyllisk!


Både Hilde og eg er litt hekta på muggar. Her er litt frå hennar samlling.


Denne skjenken er skikkeleg retro, og den stod heime hjå mine foreldre då dei budde på Smia. Eg er så glad for at nokon har vit til å setje pris på slike møblar med affeksjonsverdi!


Stemningsbilete frå elva. Testing av kamera. Auto...






4 kommentarer:

  1. Så fine bilder! Du er en dyktig fotograf. Teppet i reprostoffer var flott. Herlige stoffer og farger.

    SvarSlett
  2. Kjende att den eine muggen til Hilde. Kjekt at nokon tek vare på gamle ting. Kjekt å lese bloggen din og sjå dei fine bilda.

    SvarSlett
  3. Eg skulle til å skrive det same som mor mi!
    Kjekt å sjå arvegods i bruk!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!