søndag 30. august 2015

Augustmånen og hagevandring ein våt dag.


I går kveld køyrde eg frå Eid til Gloppen ganske seint på kvelden, og det blei ein spektakulær tur, med mykje blikk på himmelen! Då eg kom heim på tunet, prøvde eg meg på fotografering på status auto. Eg tykkjer bileta blei "kunstneriske", om ikkje så klåre.
Fullmåne og dansande skyer, litt av eit skue. 





Tidlegare på dagen prøvde eg meg på det nye kameraet, men berre på "auto". Eg kvir meg til sjølvstudium av x antal sider på dansk brukarveiledning (eit par hundre...)
Denne blomen, er det nøkketunge? Han held på å etablere seg i bedet, og i fjor var det ikkje blomstring på han. Det er ei spennande utvikling frå knopp til blomst, og enno er han vel ikkje heilt ute. Dropane skuldast regn frå oven. 


Ein type krysantemum? Denne miste kronblada tidleg, kanskje det var for tørt nokre veker. Men han er dekorativ med dei gule knoppane og, tykkjer eg. 


Rosa rugosa er ein plante eg likar godt, men helst i ein utkant. Her har han etablert seg attmed beitet.

Vi har absolutt ikkje rosehage hos oss, då jorda er skrinn, og det er vanskeleg å finne djupe nok holer. Her har eg kjøpt ein krypande sort, som eg vonar vil overleve i ei blomsterurne av isopor. Liknar litt på nyperose? Namnet er Tommelise.


Kaprifolium, han freisar ein mørk og mager skjebne bak garasjen, men det ser han ut til å like.


Skaugumbegonia er ein annan favoritt. No sparer eg knollane og behandlar dei med varsemd.



2 kommentarer:

  1. Flotte bilder! Hvis du vil ha et tips om info ang bilder (sjølstudium) kan jeg varmt anbefale de tre første bøkene til Scott Kelby. Jeg kjøpte de på Capris, og har ikke angra en dag! Nå tør jeg prøve på manuell og masse forskjellig, og når jeg klarer å lære det, vedder jeg på at du fixer det lett! Du vet jo hvilken teflonhjerne undertegned har :oD Hihihi :o)
    Ønsker deg en flott ny og kreativ uke :-)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!