torsdag 20. august 2015

Heath wave, job start, some hand quilting and good reads..


Summer in mid August, finally some warm days. Not much time spent in the sewing area. I'm hand quilting this project from Jen Kingwell, which is a warm task! But I have to go on, as I'm meeting Jen in person in just a few weeks!

Sarah Fielke's book is fantastic, I read her filosophy with great interest as regards fabric choice. 
I'm in a "Down under" mood these days, after many years of American influence.

Då blei det omsider skikkeleg varmt! Utetermometeret heldt på å bli sprengt i dag, har aldri sett det nærare 50 grader (det heng mot sør...). Eg prøver å ta det med ro i varmen, er begynt i jobb igjen, og må økonomisere med kreftene. Fjellturar likar eg betre i litt mindre varmt ver. Eg er heldig og har møtt 2 fine førsteklasser denne veka, eg skal jobbe like mykje i kvar av dei. I morgon blir det fjelltur.
Handkvilting i varmen, sjølv etter mørkets frambrot, er eit sveittebad, men eg prøver å bli ferdig til eg skal møte Jen Kingwell om nokre få veker i Oslo. Det er forøvrig veldig kjekt å handkvilte, det trudde eg aldri eg skulle seie! I fjor selde eg ramma fordi eg trudde eg aldri fekk bruk for den. No prøver eg å få tak i ei ny. Dette prosjektet kviltar eg utan, med litt store sting, ala Jen herself. Eg hadde også gitt bort tråklepistolen min, men etter å ha sett Jen på youtube, blei eg inspirert til å prøve. Dermed kom remediet tilbake til meg, og eg er kjempefornøgd!






Ei anna jente frå Australia som eg beundrar stort, er Sarah Fielke. Ho er den beste læraren eg har hatt på Craftsy, så utruleg behageleg og flink. Denne boka kom i posten her ein dag. Det er veldig inspirerande og spennande å lese om hennar filosofi mellom anna  når ho vel ut stoff. Denne boka er organisert som ei lærebok i mange teknikkar, med eit lite og eit stort prosjekt til kvar teknikk. Kan anbefalast!


Denne boka fekk eg til gjebussen, og eg har spart henne til no (dvs. eg har ikkje hatt leselyst i sommar). Det er berre ei glede å lese denne boka, nydeleg omsett til nynorsk!



Linked up to Neadle and thread Thursday.

2 kommentarer:

  1. Så mykje flott du har i arbeid. Men vanskeleg å få tid til handarbeid akkurat no, med varme og skulestart, alt på ein gong. Craftsy høyrest flott ut, men eg veit ikkje korleis eg kjem inn på det. Eit lite kurs kan du kanskje gi med etterkvart?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er lett som fot i hose... Vi får ta oss ein god prat på Vestlandstreffet. Då skal eg gå kurs laurdagen med ho danske med pungane.

      Slett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!