fredag 10. august 2018

Summer Sampler 12 blocks finished.


Summer Sampler 12 blocks.

Eg er heilt ajour med desse blokkene no, og ventar ei ny på måndag igjen. Nokre blokker har jo skapt litt hovudbry, men det har ein vel berre godt av...Det er 6 blokker som står att, i tillegg til fyllblokkene, viss ein vil ha det. 


Blokk 12, Milan.

Denne er inspirert av gata utanfor den store katedralen i Milano, som Debbie Jeske fekk sjå frå taket av katedralen! Sjekk bloggposten hennar her.


Baby Noah treng litt forskjellig. Siklesmekke, til dømes. Eg prøver meg fram, men er ikkje heilt i mål. Kosekluten likar både han og brødrene godt å leike med. Det er interessant for minsten å utforske dingsane som stikk ut. Desse er no berre mjuke og gode.


Då er ein lang ferie snart til ende. Denne sommaren har vore prega av den sterke varmen. Vi har ikkje trengt syden-tur, til dømes. Eg har sydd ein del, høyrt mange lydbøker,  rydda masse, vore litt på småturar. Fjellturane i fineveret blei hindra av eit vondt gnagsår, veldig irriterande. Når gubben endeleg fekk ferie, blei det sjukdom i familien, så ein kan trygt seie at dette har vore "staycation", noko som ikkje kjennest heilt tilfredsstillande... Men ein har det altfor godt til å ha lov å klage!

God helg til alle som er innom bloggen!

1 kommentar:

  1. Flotte blokker, og gøy når det går så fort framover. Koselige ting du har sydd til Noah også. God helg!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!