lørdag 28. juli 2018

More babyquilt, knitting, nature and good reads!

An amazing summer! Some sewing and reading in this blogpost. 


Dette har vore ein utruleg sommar kva vedkjem veret! Varme dagar heile tida, ein og annan dag med litt regn, burde sjølvsagt vore mykje meir sett ut frå plagene i jordbruket og den forferdelege skogbrannfaren. Eg har vore ille plaga av eit gnagsår som starta lite og blei stort og betent...så dermed blei det stogg i fjellgåinga nokre veker. 

Endå eit babyteppe blei laga og overlevert. Dette er meir i vognteppe-storleik. Koseklut høyrer med.


 Eg tok meg på tak og strikka ferdig kanten rundt Løvli-sjalet. Sjalet blei kjempefint, tykkjer eg. Eg har brukt lamull frå Rauma. Litt usikker på om det burde vere endå meir strekt/blokka.



Ein forsinka gjebuspresant frå Hilde, garn frå Hillesvåg! Dette er det mest eksklusive og gode bomullsgarnet eg har strikka i, trur eg.


Vask av golvteppe er ein typisk sommaraktivitet... Vi har hatt skikkeleg opprydding i år. "Mørkeloftet" har blitt tømt for gammalt skrot, og helst vil ein ha total oversikt og system i heile huset på ein gong. DET går ikkje. Dermed blir det litt uryddig over alt ein periode.

 

Juli månad har vore "staycation". Veret har vore alldeles nydeleg, og sidan eg har vore heime, har blomane fått jamnt med vatning og stell.










Ein kveld kom litt regn...

Frå lufteverandaen vår har vi fin utsikt, både rett bort i furukronene, men og over fjorden. I tillegg er det nordvendt, og ikkje så gnalljande hett som på sørsida av huset...






Storytel


Det viste seg at "Svenska gummistøvlar" er eit fritt framhald av "Italienske sko" som kom ut ca. 10 år tidlegare. Ja, dermed måtte eg høyre også denne boka. Det var litt merkeleg, ettersom eg då visste kva som skjedde med dei forskjellige karakterane... Men boka er fantastisk, innlesen på originalspråket!


"Italienske sko" av Henning Mankell


Jan Guillo sin slektskrønike held fram. Eg høyrer no på bok nr. 6 av til no 8. Storytel kom med denne boka for nokre dagar sidan. Boka er litt forvirrande i starten sidan "eg-personen" er eit barn som fortel til tanta si, som var hovudfigur i Blå stjerne. Dette gjekk opp for meg etter kvart... Men det er veldig bra at det kjem små flashbacks undervegs, som gjer at ein hugsar gangen i forteljinga.  Denne serien høyrer eg på norsk.
Særleg denne boka kan minne om Ketil Bjørnstad sine bøker frå midten av 1900-talet og utover.


  Her  er eit intervju med forfattaren, der han mellom anna framhevar det som eg har tykt har vore mest interessant undervegs. Det gjeld dei 2 verdskrigane, som blir skildra frå ein heilt annan synsvinkel enn vi er vane til frå historiebøkene  frå sigerherrane si side.

Her er ei kort omtale av boka.

Ekte amerikanske jeans av Jan Guillou (Nedlastbar lydbok)

3 kommentarer:

  1. Fin babyquilt og lækkert sjal du har fået lavet. Dine blomster sår flot og græsset er grønt. Her er alt helt gult og svedent. Vi har lige haft en regn og en smule torden, men det er langt fra nok. Vi har fået sammenlagt 2-3 mm de sidste 8-9 uger.
    God weekend.
    Knus

    SvarSlett
  2. Så fin babyquilt! Kjekk gave å gi, og kjekt å få. Så mange fine blomster du har, og fin utsikt! Ja, det har vært i varmeste laget denne sommeren. Her er plenen gul, men blomstene har klart seg ganske bra. Selv har jeg holdt meg innendørs på de varmeste dagene, bortsett da vi var på biltur. :-)

    SvarSlett
  3. You making all the things I LOVE! :)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!