søndag 26. mars 2017
Inspirasjon!
Eg har bestemt meg for å ikkje vise fleire bilete av En Provence før det er heilt ferdig. Denne helga har eg gjort eit bra stykke arbeid med frihandskvilting. Det er relativt tungt arbeid for handledda, så det går sånn 2 - 3 spolar, så pause... Aldri trudde eg at eg ville like frihandskvilting, men det er berre så morosamt å halde på med. Teppet får eit skikkeleg heimelaga preg, dvs. ikkje perfekt kvilta, men for meg er det stor tilfredsstilling å gjere alt sjølv.
Bente Vold Klausen
Eg brukar ein del tid på surfing på nettet, og visste du at Quiltemagasinet har ei fin nettside? Mellom anna ligg der mange videoar der Bente Vold Klausen viser teknikkar. På ein av videoane kviltar ho ein stor kvilt på heimemaskin. Skikkeleg inspirerande!
Her er link til sida.
Det er ingen løyndom at eg likar veldig godt såkalla modern quilts. Vi har ei facebookgruppe som aukar i omfang, der ein får masse inspirasjon. Skal tru om vi får til å starte eit såkalla modern quilt guild her i Norden? Eg har meldt meg inn i det verdsomspennande gruppa, og det angrar eg ikkje på! Det er ikkje ende på alle gode instruksjonar og god inspirasjon ein finn der.
Ha ei fin veke!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!