onsdag 28. september 2016

Mini kites and more blocks

Testing the Mini Curve ruler and the mini kites pattern. A couple of blocks for a Scandinavian exchange at Instagram, and my new book from Amy Gibson, a gem!

Her er QCR-mini-linjalen, og prøveblokker til minidragar. Det gjekk mykje betre med litt meir trening, og eg har kome til at det eigentleg er ganske lett, når ein berre er nøye med måla. 

Snakkar om mål, dei to blokkene med svarte stjerner er augustbidraget til den skandinaviske byttegruppa. Denne blokka er enkel, men når ein først begynner å tulle med saumrommet, er det ikkje godt å få heilt nøyaktig blokk. Eg håpar mottakaren blir fornøgd, sjølv om blokka er ein scant (knapp) 12.5".  Når dette skjer med det eg syr til meg sjølv, måtar eg det til under samansyinga til slutt. 

Amy Gibson si blokk-kokebok er berre så skjønn. Eg har teke leksjonar med henne på Craftsy, og ho er utruleg flink og behageleg. Eg har også ein button nede til høgre på blogge min, som linkar til henne. 
Eg har vore hekta på blokker så lenge eg har drive med lappeteknikk. Det har gjort til at eg har X antal større uferdige teppe liggande. Dette er langsom-saum, og enkelte gonger går det så sakte at ein sovnar frå heile greia, og legg det i gløymeskuffa....

Litt av gleda ved lappeteknikk, for mitt vedkomande, er faktisk prossessen, utprøvinga, og ikkje nødvendigvis det ferdige produktet. I enkelte periodar i livet vel ein å gjere det som ein har lyst til når ein sit seg ned ved maskina, og ikkje det ein burde. Og det må vel vere lov?




1 kommentar:

  1. Så fina block. Har just köpt Mini Curve Ruler,men inte provat. Köpte du det mönstret extra?
    Hälsningar Gudrun

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!