mandag 26. september 2016

Elgseter kofte, almost finished!

Some update on my blog. I have had focus on knitting. This is a "kofte" for myself, in Mini alpakka yarn. It is very warm!

Link til Bambisyr, visa och beretta.

"Elgseter" kofte i Minialpakka frå Sandnesgarn. Dette er eit varmt prosjekt å halde på med når det er slike varme kveldar som no. Eg har kome eit langt steg vidare, og skal no til å strikke att og fram ved halsen. Det er ikkje akkurat mi favorittgreie, å strikke mønster på vranga. 


På grunn av fokus på strikkejakka, har eg ikkje fått gjort heilt ferdig denne kvilten nedanfor, men eg har kutta opp og sydd saman til ein løpar. Han ligg klar til kvilting.


På Janomekurs sydde vi denne toalettveska, der vi fekk prøve det meste av føter og nåler.
Smart modell med lomme bak.



Eit litt betre bilde av sjalet eg har skrive om før.

  
Dette har vore den varmaste september på 100 år, og dei seinaste sommarblomane har kome i bløming. 

Eg har laga ein ny blogg (sjå venstre marg), der eg legg ut naturbilete m.a.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!