tirsdag 26. juli 2016

Crosscutting quilt along and a lot more!


Nytt og lite prosjekt, ein syalong på instagram, 

#crosscutquiltalong. Ein finn alt om prosjektet på bloggen  http://aquilterstable.blogspot.no/


Eg likar veldig godt eksperimentering og improvisasjon, så av og til må eg leike meg med det, utan å vere sikker på at prosjektet blir vellukka til slutt. Det er prosessen som er viktigast då.

Det har vore ei herleg veke med ekte sommarver, dvs. varmt, og med både sol og regn. Vi har feriert nokre dagar på hytta. Til helga igjen fer vi på tur.
Vi har hatt Paxo i pensjon ei lita veke og. Han rår hundehagen åleine no, når han er her.
Elles er det rydding, safting, sylting, tv-seriar, trimturar osb. Det er veldig fint med heimeferie og, eg vil seie det er undervurdert i våre dagar. Det skal ikkje så mange dagane vekke før eg er fornøgd.

Serievinnaren for meg denne sommaren er den svenske thrillaren Springflo. Det er kvalitet i alle ledd, etter mitt syn.


Ein av løparane eg skreiv om sist er heilt ferdig.


Bilete frå hagen nokre flotte julidagar, med både sol og regn.

















Frå hytta ei skikkeleg godvershelg i juli!









3 kommentarer:

  1. Så mange flotte bilete. Kosa meg godt og såg både natur og kultur. Kom akkurat heim i kveld etter ein flott ferie med familie rundt om i landet.

    SvarSlett
  2. Flotte bilder både fra hagen og fra naturen. Godt å komme seg ut litt, men jeg syns også det er deilig å være hjemme i ferien. Spennende med quiltalongen du er med på. :-)

    SvarSlett
  3. Så koselig løperen ble ! Er hunden din beagle ? Pen og søt er den i hvertfall..

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!