onsdag 21. oktober 2015

Vestlandstreff - Annual Norwegian western coast quilt meeting, part 1.

Some update from this great meeting last weekend.

Lecture by Northern Quilts Wenche Wolff Hatling, a Norwegian (the only one) designing fabric for Moda. She also runs an online shop, she collaborates with Helene Juul in Denmark, and she draws wonderful patterns. 


Nordfjord Lappe- og Quilteklubb arrangerte stort treff for heile Vestlandet på Eid sist helg. Det var eit utruleg flott arrangement, der høgdepunkta stod i kø. Meir på bloggen deira HER. Der er også lenkje til facebook med mykje stoff frå treffet.

Eg såg fram til å treffe att Wenche, som eg hadde gleda av å hyse for nokre år sidan, då ho var på Sandane på regionstreff.  Eg har god sans for "streken" hennar og full av beundring for kva ho får til. Eg meiner at slike personar skal framsnakkast, og eg deler gjerne litt reklame for hennar nyaste julekatalog her.
I skrivande stund er Wenche på veg til Huston og den store messa der. Då skal ho presentere årets stoffkolleksjon for Moda. 
Good luck!!








Wenche hadde med seg mange nydelege kviltar, og for dei som er interesserte, sjå over til Gloppetausene  for meir bilete!

Alle mine fugler.
Dette teppet har eg mønster på, og eg har stitcha heile det store midtstykket for nokre år sidan. No fekk eg verkeleg inspirasjon til å ta fatt på blokkene.



Wenche er fast spaltist, og har mønster i det svenske bladet Fat Quarter. Denne skjønne puta er derifrå.


Her er vinterbilde, eige design på mønster og stoff!


Dette teppet stod i eit utanlandsk blad, kanskje Quilts and more.



Flora Nordica

Alle mine fugler

Hollandsk blå


3 kommentarer:

  1. Quilts are beautiful. Really like the one with 9 patch hearts.

    SvarSlett
  2. Åh hvor dejlige fotos og du har koset dig med at se Wenches mange fine ting, som jeg også kan genkende fra kursus med hende. Åh, og Hollandsk Blå har jeg været med til at sy :-).
    God weekend og TAK <3 for dejlig lang mail.

    SvarSlett
  3. Så kjekt å sjå frå fleire som var på Vestlandstreffet. Wenche er kjempeflink, og det er kjekt at norske quiltarar kjem seg så langt. No er det berre å henge i å produsere medan all inspirasjonen er her. Ha det godt og nyt helga;)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!