tirsdag 23. juni 2015

Draumehelg!

For English speaking readers, turn on the translator, thank you!

Fredag 19. juni runda eg eit ganske rundt tal, og slik situasjonen har vore her dei siste 5 åra, følte eg trong for ei storfeiring!
Fredag hadde eg ca. 25 kollegaer på snittar og kaker rett etter jobb. Det var utruleg kjekt, lystig stemning med song og talar og moro. Lærarar før ferien er gjerne veldig slitne, men samtidig glade!
I kveldstida kom naboar og vener frå lappeklubben og soknerådet og koret (som eg har pause frå).

Laurdag feira vi på Mardal skule. Det var dekka til 60 personar (tilfeldig at det havna på det talet).
Vi hadde heimelaga koldtbord og viltgryte, kakebord mm. Også denne kvelden var utruleg vellukka. Også her var det song og talar og god søgje. Her var samla likt og ulikt av slekt og vener, frå 5 md. til 87 år. Det er så kjekt å samle alle generasjonane, synest eg! Til saman ca. 110 personar har vore delaktige, det er berre utruleg.

 Sommaren kom også på besøk denne helga!

Begge dagane hadde eg utruleg god hjelp på kjøkkenet!  Og kakene blei bringa av gjestane!

Eg må takke døtrene mine for alt dei bidrog med, særleg på laurdagskvelden. Det blei gullmedalje rundt halsen, og den sette eg umåteleg stor pris på!



Elin og Jostein


Ein urtehage frå kreative vener!



3 kommentarer:

  1. Fint blogginnlegg frå bursdagen din, har lese det nett no. Vi har hatt 4 fine dagar på hytta utan internett. Takk for to kjekke dagar hjå deg på Grov/Mardal i helga. Tenk at lisjesysta er 60 år! Fint bursdagsbilde av deg - og Jostein som har vore di gode støtte i medgang og motgang. Hels han og døtrene dykkar frå oss to pensjonistane på N.eid.

    SvarSlett
  2. Fint blogginnlegg frå bursdagen din, har lese det nett no. Vi har hatt 4 fine dagar på hytta utan internett. Takk for to kjekke dagar hjå deg på Grov/Mardal i helga. Tenk at lisjesysta er 60 år! Fint bursdagsbilde av deg - og Jostein som har vore di gode støtte i medgang og motgang. Hels han og døtrene dykkar frå oss to pensjonistane på N.eid.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med dagen - lang tid på etterskudd! Det så ut til å ha vært ei veldig fin feiring! Tusen takk for hyggelig kommentar på bloggen min! Det tok sin tid før jeg svarte deg, men du skal vite at jeg satte pris på den. Klem Siri

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!