søndag 5. juli 2015

Summer holidays at home!

Some very hot days last week. Summer at last! I have been experimented with my new Canon camera, but I have a lot to learn!!
I have finished a runner with fabric from Camille Roskelley and applique inspiration from Sarah Fielke. Raw edge applique. The first picture is from my village, and I made this at a class many years ago. 

No har vi hatt nokre utruleg fine og varme dagar, kveldar og netter her i vest. Det er berre å nyte det, for like plutseleg regnar det.


Den gamle bua på Ryggjaøyra. Dette biletet laga eg på kurs for fleire år sidan. Når eg ser på dette, så tenkjer eg at ein burde sy fleire bilete...


Såvidt påbegynt stitchery til pute av AnnaKa.
Eg fann ein nydeleg mørkegrå Aurifil 12W hos Fantasi på Sandane.


 Eg har sydd denne løparen i helga. Mønsteret er i utgangspunktet Tusenfryd frå AnnaKa, men eg har gjort ein vri på det. Applikasjonane er etter inspirasjon frå Sarah Fielke, og eg har rå-applikert dei med stoppefoten. Stoffa er frå Camille Roskelley.


 I plenen vår finn ein slike tuer med tusenfryd, dei er utruleg søte!

Tusenfryd - Bellis perennis



Uttesting av nytt kamera. Her er mykje å lære!
Buketten under her har stått i over 2 veker no.



Linka opp til Slow Sunday Stitching og Let's be social.

5 kommentarer:

  1. Kjekt å sjå på dei fine handarbeida dine, for meg som knapt kan sy eit sting er det heilt utruleg at det går an å lage så fine ting. Og så dei fine blomsterbilda ! Eg har eit Nikon speilreflekskamera, men får ikkje så gode bilde som eg kunne ønske. Har du kjøpt tilleggslinser til ditt kamera?

    SvarSlett
  2. Eg synest det er kjekt at du har fått nytt kamera. Gler meg til å Sjå mange fine bilde på bloggen din! Flott duk du har sydd!

    SvarSlett
  3. Tillykke med det nye legetøj :-). Fine og skarpe fotos har du fået taget. Din løber er smuk og rigtig sommerligt.
    Fint billede du har syet - jeg har også et liggende, som mangler at blive gjort færdigt. Mon det skal være et mål for sommeren?
    Ser også, at jeg ikke har fået lagt en kommentar til dit forrige indlæg, som jeg læste på telefonen. En fantastisk fødselsdagsfejring som du virkelig har fortjent, kære Elin.
    Knus herfra, hvor regn og torden kom i nat.

    SvarSlett
  4. Du syr så mykje fint!
    Mitt tips: les bruksanvisninga før du rotar henne vekk - slik som eg har gjort ...

    SvarSlett
  5. Gratulerer med nytt kamera. Du har mange motiv å øve deg på, bl.a. barnebarn og syarbeid. Eidabesta

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!