mandag 6. april 2015

Mål for april.

Her har eg laina opp 4 ferdige toppar, som er klare til kvilting. Dei to i midten kan vel karakteriserast som UFOar. Eg prøver å fokusere på å gjere ferdig ting no. Håpar at desse blir ferdige i løpet av våren. Eg har fått litt dilla på frihandskvilting, så den delen er morosam. Det er verre med førebuingane på golvet...

Four quilt tops ready for basting and quilting. For April I will finish the one to the right, which is a crib quilt. 
I hope to finish all the four quilts during the spring. The two quilts in the middle are UFOs.



I påska har eg jobba litt med curves-linjalen. Ugleløparen til Annaka er god trening.


Eg klør i fingrane etter å begynne på nye ting. Jen Kingwell er berre heilt fantastisk. Kva tykkjer du om teppet på framsida av boka, eller Spring Fever inni boka?
Det er forøvrig eit anna mønster av dottera til Jen som eg har aller mest lyst på. Smitten heiter det. Kathrine driv og syr på den no, og legg ut freistande bilete på Instagram...

My fingers are itching to start new projects! I love this book by Jen Kingwell!



This blog post is linked up to A lovely year of Finishes.

1 kommentar:

  1. Kære Elin.
    Jeg er fuld af beundring over din aktivitet :-). Spændende at følge dit arbejde og dine mål for foråret. Jeg bliver vist nødt til at få lært at quilte på maskine.
    God sylyst.
    Knus

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!