mandag 13. april 2015
Gledeleg overrasking - eller ei fjør i hatten...
Du veit den medaljongen min?
I dag fekk eg ei gledeleg overrasking då eg var inne på Instagram. Crystal frå bloggen Raspberryspool, designaren av den moderne medaljongen, framheva teppet mitt, OMG!! Det var skikkeleg morosamt.
No har ho laga eit nytt crazy teppe med ufullstendige New York Beauty-blokker, som ho også sel mønster til. Skikkeleg kult. Ta ein titt både på bloggen og instaen.
Eg vil forresten framheve Instagram som eit prima medium til å kome i kjapp kontakt med likesinna, folk som lagar det same som du, eller har same preferansane. Det er utruleg kjapt og lettvint å kommunisere. Hashtag/emneknagg på prosjekt el.l., og vips så får du opp mange med det same. Når eg først gjekk for open profil på Instagram, vil eg ikkje gå bort frå det. Enklare enn blogg, yahoo-gruppe, flikr osb.
Kva med deg, er du med?
So proud today, being featured at Raspberryspool's blog and Instagram! Thank you, Chrystal! I would like to do your new pattern as well! I like your style.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
kære Elin,
SvarSlettdet er så velfortjent :-)
quiltehilsner
Angelika
Så morsomt med denne kommentaren fra designeren.
SvarSlettDa får man litt mer kick til å sy videre :)
Så spennande. Nettet gir oss mange sjansar til utvikling.
SvarSlett