søndag 26. april 2015

Ei vinterleg aprilhelg.

English at the bottom of the post. Linked up to Slow Sunday Stitches.

Denne helga har verkeleg vore sur og kjøleg! Det har regna, snøa, hagla og blese. Slikt ver innbyr til syromsaktivitetar. Eg har fått gjort ferdig 2 ufoar, og fått nesten ferdig Isak sitt krabbeteppe.
Først viser eg ein ufo som ikkje er meir enn eit par år eller så. For fleire år sidan var eg med på eit kurs med Hanne Schneider, der vi lærte å bruke jellyrolls på smarte måtar. Fleire laga teppet under, men ikkje eg. I ettertid fekk eg lyst å lage det likevel, og brukte av reprostoffa mine. Sidan dette er eit lite slumreteppe, har eg fleece på baksida. Eg hadde ikkje trudd at det var så fint å frihandskvilte på fleece, men det er jo glatt og lett å handtere. 




Det er ganske utruleg kor lenge ufoar kan bli liggande... Denne blomsterhagen var det ikkje mykje att på. Eg har handkvilta løparen med perle cotton. Biletet er teke på Nordfjordeid ved elvekanten hjå  Hilde laurdag for ei veke sidan.



Nokre av desse bileta har eg vist fram på Instagram. Her er ein liten løpar som er designa av AnnaKa, kalla Desembernatt, og så viser eg fram noko godteri frå Fantasi, den nye stoffbutikken vår på Sandane.


Eg abonnerer på dette bladet, det er veldig inspirerande!
Det høyrer med til historia at no har løparen skifta eigar. 


Denne veka har eg passa barnebarn i 3 dagar. Eg tok ut 2 seniordagar, og onsdag har eg vanlegvis fri. 
Eg føler meg priviligert som får høve til å ha såpass mykje med barnebarna å gjere!
Denne guten er ein skikkeleg kjekkas og sjarmør, med stort smil og skarp røyst!


Denne toppen har vore ferdig nokre månader. Denne helga har eg gjort den nesten ferdig. Eg har verkeleg boltra meg med improvisert frihandskvilting. Det er utruleg morosamt. Eg gidd ikkje lage prøveklutar, men får mykje trening på slike prosjekt. Det er ikkje perfekt, og ser skikkeleg heimelaga ut, men det er slik eg likar det.


Meir AnnaKa, her er ugleløparen eg har sydd. Det var øving på curves-linjalen, og stoffa er ikkje av ny dato. Fleire av dei er restar frå sengeteppet eg sydde til bryllaupet til eldstedottera.




I have made a dent in my ufos lately. Both the jelly quilt in repro fabric and the granny runner have now become finishes of 2015. And there are still a pile of ufos. One at a time....
The grey and black little table cloth is a pattern of AnnaKa, and so is the owl runner. AnnaKa is a very talented Norwegian designer. 
The colourful little quilt is for Isak to lay on. I have been practicing free motion quilting, which I enjoy very much. Not perfect at all, but so fun, and with a charming result. I hope to finish the binding next week. 
This weekend has been wet, cold, windy, and with snow on the fields. Perfect for sewing!

4 kommentarer:

  1. Kære Elin.
    Det er så imponerende, hvad du har fået syet færdigt i den senere tid. Jeg bøjer mig i dyb respekt :-). Det ene fine projekt efter det andet. Åh, hvor må det være skønt.
    Ha' en fin uge.
    Knus Anne-Mette

    SvarSlett
  2. Det må eg seie, her har det skjedd saker og ting. Så mykje flott på ein gong. Du er tøff som frihandsquiltar på den vanlege symaskina di. Likte spesielt godt den hexagon-løparen eg, då. Men perle cotton er vel noko du må sy for hand?

    SvarSlett
  3. Tusen takk for slumreteppet som eg fekk av deg i 70-års-presang. Det passa perfekt til slumresofaen.
    Helsing storesysta

    SvarSlett
  4. Tusen takk for slumreteppet som eg fekk av deg i 70-års-presang. Det passa perfekt til slumresofaen.
    Helsing storesysta

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!