søndag 22. mars 2015

Vår i lufta.

Her kjem nokre stemningsbilete frå laurdagens uteliv. Endeleg, etter over 30 år i denne bygda, har vi fått båt i familien. I går var det ein utruleg flott dag, og storfamilien samlast på Sandsneset, med bål, grilling, fisking og båtturar. Mobilbilete i motsol er eit sjansespel, men dette første biletet tykkjer eg er fantastisk fint, nesten som eit måleri! Sørstranda sett frå sjøen er fantastisk, men også resten av Gloppen er eit eldorado i finever. 
Fisken hoppa og spratt, men var ikkje bitevilleg.

Some pics from yesterday, a wonderful day by and on the fiord!









1 kommentar:

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!