onsdag 25. mars 2015

I SWOON, eg dånar!

Å du store min, no er sengeteppet heilt ferdig! Det har vore ei kjekk "reise", og alt er gjort av meg frå byrjing til slutt. Det er ganske tilfredsstillande, om det ikkje er perfekt!
Eg må få utheve 3 damer som har betydd mykje for meg når det gjeld lappeteknikk, alle amerikanske.
Teppet heiter Swoon (dåne, visstnok), er designa av Camille Roskelley.
Camille er ei utruleg inspirerande dame. Eg har alle bøkene hennar, ein del mønster, og ikkje minst nokre Craftsy-kurs med henne.
Storleiken er 210 cm (83 inch) i kvadrat. Blokkene er 24 inch.
Stoffa er designa av Jennifer Chiaverini. Jennifer var den som inspirerte meg til å sy blokker, til å sy eit kjempefint teppe (Sylvia's Bridal Sampler) for mange år sidan. Ho hadde då ein nett-gruppe, og la ut mønster regelmessig. I den forbindelse kom eg i kontakt med Anne-Ida, som også sydde dette teppet. Seinare var eg med i ei byttegruppe, og dei blokkene ligg framleis og modnar. Jennifer inspirerte meg også til å lese bøker på engelsk, og eg kjøpte heile serien hennar om Elm Creek. Kanskje eg skal angre litt på at eg selde unna heile serien i eit anfall av ryddemani...
Den tredje dama er Leah Day, som ga meg mot til å prøve ut stoppefoten, og som har lært meg utruleg mykje under fjorårets sy-along på nettet. Eg ligg i startgropa til å starte på 2015-alongen, for dette har eg lyst å vidareutvikle. 

Oh my goodness, my swoon is finished at last. I have done it from beginning to the end myself, and I'm a bit proud of that. Go to the links above, here you may read about my great inspirators! Camille Roskelley who has designed this fabulous pattern is #1. 
Block size: 24 inches, Quilt size: 83 inces square. Fabric: Sarah's choice (Jennifer Chiaverini).
Free motion quilted by me, inspirator: Leah Day.



 Eg var utolmodig etter å få bilete, så den lave morgonsola var kanskje ikkje det beste. Eg lyt nok ut att og ta fleire bilete ved eit anna høve.



8 kommentarer:

  1. This is just so beautiful! Gorgeous finish!!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ferdig teppe! Det blei veldig fint!

    SvarSlett
  3. I am working on a Swoon Quilt as well and noticed yours, I like the darker border.

    SvarSlett
  4. Dette ble utrolig flott :)
    Deilig å få ferdigstilt slike store prosjekter!
    Tusen takk for hyggelig kommentar på bloggen min.

    SvarSlett
  5. kære Elin,
    stort TILLYKKE med den supersmukke quilt. Den er helt fantastisk flot !

    quiltehilsner
    Angelika

    SvarSlett
  6. Lekker Swoon quilt! Jeg har også laget 3 Swoon puter i størrelse 20", Swoon mønsteret er flott!

    SvarSlett
  7. Your quilt is beautiful! I'm reading the Elm Creek books too. Congratulations for becoming a grandmother to Isak.

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!