søndag 11. januar 2015

Meir baby.

Det er babyboom i omgangskretsen for tida. Veninna til dottera mi fekk ein gut dagen etter henne. 
Eg har strikka det same som til barnebarnet mitt, men ikkje buksa.  Dette er mi favorittbabyjakke, ho er så kjekk å strikke, ein må konsentrere seg, men kan sjå TV...
Heftet er nr. 293 frå  Dale Garn.




No har eg berre desemberblokka att, har sydd berre ei blokk denne veka. Dei 12,5 inch store blokkene blir laga til 16,5 inch store spool-blokker. Eg har valt det lyse grå modastoffet til bakgrunn for blokkene. Det skal bli spennande å sy ihop denne toppen.

Vi bur på ei "naturtomt" med rikeleg store furuer rundt huset. Nokre av dei står så nær at det kan vere farleg når det er storm/orkan. Vi har difor lenge snakka om å sage ned minst 4 av dei. Denne helga var det meldt ekstremver, så då blei det fart i planane. 
Det høyrer med til historia at vi var heldige og ikkje blei ramma av stormen denne gongen, men det er ei lette å ha fått gjort dette uansett.




One more baby jacket for a friend of my daughter, who got a boy the day after my daughter.  I love this baby pattern, it's so fun to make!
We expected tough weather this weekend, and finally some of the pine trees by our house were chopped down. 
I have done one more Aurifil block, and now there is only one left.

5 kommentarer:

  1. Nydelege babykle!
    Lurt å sage ned trea, så søv ein betre om det begynner å blåse ...

    SvarSlett
  2. Så nydelig jakke - koselig at flere enn barnebarnet får nyte godt av strikkeferdighetene dine! Skjønner at det er greit å få ned de store trærne...

    SvarSlett
  3. Nydeleg baby-strikk. Godt de har fått saga ned trea før dei gjer skade på hus og hage.

    SvarSlett
  4. Så nydelig babysett! Herlig farge også!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!