lørdag 24. januar 2015

Aurifil BOM 2014.

Aurifil BOM 2014, toppen blei ferdig i dag. Eg har gått for den skrå varianten, der blokkene blei laga til spolar på 16 1/2". Det er mykje monteringsarbeid på denne måten, men moro å prøve. Eg har brukt 1 stk  layercake Scrumptious frå Camille Roskelley, pluss nokre Miss Kate, og så er den lyse grå modaen (nr. 89?) som eg er så glad i! No har eg kjøpt heile resten av stuven hjå Sandane Bademiljø.
Det skal bli spennande å frihandskvilte denne.
For ordens skuld, dyret i bakgrunnen er ein ulv, ikkje vår kjære Tinka, men likskapen er der!




No restestrikkar eg av babygarn-lageret. Dette skal bli ein rullegensar av Kathrine Gregersen, str. 6 md. Det blir nok ein heil tv-kveld med festing av trådar.


Today I have finished the quilt top, from Aufifil BOM 2014, where I have used a layercake from Camille Roskelly and some Moda solids.
The sweather is for the new baby, yarn stash...

1 kommentar:

  1. Lækker quiltetop :-). Glæder mig til at se den quiltet.
    God søndag.
    Kram sydfra,
    Anne-Mette

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!