søndag 25. januar 2015

Civil War Quilts


Barbara Brackman skriv denne fantastiske bloggen, der ho fokuserer på stoff, blokker og kviltar frå borgarkrigstida i USA.
Dette året har ho ein kvilt-along der ein berre syr Sawtooth Star-blokker. Dette apellerer til meg, sy desse søte blokkene i storleik 6 1/2 inch, der eg bruker restar frå mi rikhaldige repro-samling.
Eg har sydd mange samplerar, dvs. kviltar med forkjellige blokker. Her blir det berre ei blokk, men ein stor variasjon av reprostoff. Denne blokka endrar veldig uttrykk alt etter kvar ein plasserer mørkt og lyst stoff, så her er det berre å leike seg.
Vil du vere med på denne reisa?



Swoon, megablokker på 24 inch, dette er nr. 8, så no har eg berre ei blokk att. Målet er som tidlegare anonnsert å sy saman to toppar i januar, nemleg Swoon og Aurifil BOM.


Aurifiltoppen blei ferdig i går. Liten tvil om at det løner seg å setje seg mål!


Some Sawtooth Star-blocks from Barbara Brackman's quilt along, which I started today. Only scraps here, what a joy!
Only one Swoon block left.
And yesterday, the Aurifil top was done. Fabric: Ruby, by Bonnie and Camille.

2 kommentarer:

  1. Så fine blokker du har sydd. Spennende prosjekt du har på gang nå!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!