Lammekraft til kjøttsuppe
Her i huset er ikkje "årets lam" det mest populære, så då eg fann oksehalar og kjøtbein i frysedisken på Mega, var valet lett. Eg har laga oksehalesuppe ein gong tidlegare i livet, det er sikkert 30 år sidan... I dag blei det langtidsmiddag, dvs. beina kokte saman med gulrot, purre, laubærblad i fleire timar. Det blei fleire liter med kraft, som skal frysast ned i midre porsjonar. Kjøtet på oksehalane er veldig godt! I suppa hadde eg det eg hadde for hand, eg følgde inga oppskrift. Ved sidan av kraft og kjøt putta eg i gulrot, poteter, blomkål, selleri, sjalottlauk, erter og chili. I tillegg prøvde eg ut noko heilt nytt, nemleg quinoa. Det er spennande å prøve ut nye, sunne matvarer!
Kjøtkrafta.
Så baka eg dobbel oppskrift av Berit sitt superbrød. Det er også langtidsprosjekt, lite gjær og 12 timar heving. Brødet inneheld grov spelt, sesamfrø, gresskarfrø, grov rug, honning, salt, linfrø, vatn. Etter min smak er desse brøda betre enn Ingers, kanskje pga. at der ikkje er kli.
Eg har laga smoothie lenge, men aldri grøn... Så i dag var det tids for denne bomba: fersk spinat, kiwi, appelsin, rå ingefær, persilleblad, linfrøolje og litt jus.
Det smaka veldig godt!
Dei som kjenner meg veit at eg ikkje er nokon helsefantast, men eg må innrømme at etter foredraget med Berit Nordstrand, fekk eg augene opp for meir helsebringande mat.
Det kan i alle fall ikkje gjere skade, når ein gjer det med måte!
Vi har hatt den første grå dagen i haust, dvs. skodda har lege lavt heile dagen, og det er rått og kjøleg ute. Det blei ein trimtur på føremiddagen, med lue på toppen.
Eg har oksehalar i frysaren, som eg skal lage suppe av. Det er lenge sidan eg laga det, for då det vart slutt på kjøttbutikkane, var det ikkje halar å få tak i. Trur jammen det er 30 år sidan sist. Men det er utrulig godt! Eg hadde ei oppskrift, men den er vekk så no får eg prøve di, eller nettet.Eg hugsar at eg steikte både kjøtet og grønsakene før eg kokte det.Grønsakene bruna eg berre så vidt. Mamma fekk smake suppa ein gong, og ho etterlyste den seinare. Den fall i smak.
SvarSlettEg laga oksehalesuppe den gongen dei hadde det på Mega her, men det er lenge sidan! Ein kan no håpe at folk etterspør det! Berit Nordstrand har eg stor sans for!
SvarSlettBrødoppskrifter er alltid open for nye variantar av!