mandag 22. september 2014

Healthy food - sunn mat!


Her har eg laga graut av Gullbygg, ei blanding av bygg og havregryn. Det var Solveig som tipsa om dette på bloggen sin. Grauten har har blanda litt med cottage cheese, og så har eg kanel og heimelaga musli over. Veldig sunt og veldig godt!




Sist veke var eg på foredrag med Berit Nordstrand, og det var heilt fantastisk. Eg unner alle å få med seg ei slik vitamininnsprøyting. Ho heldt det gåande i nesten 2 1/2 time!
Eg kjøpte den nye boka hennar. Knekkebrøda og frukostblandinga har eg laga som før, men lurte gullbygget inn her og...


....men brødet er oppskrift frå boka. Det har minimalt med gjær, og hevar i 12 timar. Eg må seie at brødet er fantastisk godt, eit godt alternativ til dei tradisjonelle Ingers rugbrød.


Det er epletid, og eg har fått ein del nedfallsfrukt. Det går veldig fint å koke eplemos kun søta med litt honning (eg bruker akasiehonning). Dette er min eigen variant av Tilslørte bondepiker, yoghurt naturell, eplemos og musli!


Her er resultatet av laurdagstimane på kjøkenet.


Kinesisk, grøn te er tingen! Glasmagasinet gjekk faktisk tomt for denne teen på laurdag.


Berit har ei flott internettside her.
Her er masse tips, og kanskje ein finn eit foredrag eller to også.
Etter foredraget fekk eg rydda opp i skuffer og skåp, og i ettertid har eg handla ein del smart mat. Eg går for eit sunnare kosthald og forhåpentleg betre helse og kondisjon, gjer du?

1 kommentar:

  1. Artig å lese om korleis du nyttar dårleg helgavêr til matnyttige sysler. Gode tips for dei som vil leve sunt. Ønskjer deg ei god veke.
    Eidabesta

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!