September er over midtvegs allereie! Eg har svært mykje å blogge om frå fleire månader, men har problem med datamaskina heime. Skal sjå om eg kan få gjort noko via nettbrettet seinare.
Uansett, hauststormane er igong, og vi har arrangert det moderne kurset med Mali Storli Engedal. Det var veldig triveleg og kjekt på alle måtar. Synd at kursinteressa i klubben vår ikkje er så stor, men vi greidde no å gjennomføre denne gongen og. Nokre av dei som var påmelde måtte avlyse pga. sjukdom mm. Kjekt med deltakarar frå Volda/Ørsta som gjorde sitt til å inspirere, likeså jenta i 6. kl. som fekk vere med besta, og som no får merksemd worldwide via Mali sin instagramkonto...
Eg viser til Gloppetausene sin blogg, her, og til Facebook-sida, her.

Biletet er teke av Mali.


















